SISTE: Klokka 10.20 vert det meldt frå politiet at vegen skal opnast for manuell dirigering.

Sogn Avis sin reporter på staden melder om lange køar på Rv. 13 mellom Sogndal og Leikanger.

Den alvorlege MC-ulukka skjedde i Nornessvingen mellom Slinda og Ylvisåker.

Les også

Alvorleg MC-ulukke mellom Sogndal og Leikanger

Politiet gjer no undersøkingar på staden og seier til Sogn Avis klokka 10.00 at vegen vert halden stengt mest truleg ein time framover.

Luftambulansen landa på Ylvisåker for å ta med seg den skadde føraren.

Skadeomfanget er uvisst, men politiet melder at det framstår som alvorleg.

Dei som står i kø må smørja seg med tolmod ei stund til.
Foto: Svein Erik Hovland