Politet sin operasjonsentral melder like etter klokka tolv at føraren av motorsykkelen som køyrde av vegen mellom Sogndal og Leikanger omkom.
Det er ein mann i 20-åra og pårørande er varsla, skriv operasjonsleiar Tore-Andre Brakstad i Vest politidistrikt.
Han vart sendt Haukeland Universitetsjukehus, men livet stod ikkje til å redda.
Politiet har gjort undersøkjingar på staden og snakka med vitne.
Det er ikkje kjent kva som er årsaka til ulukka, men motorsykkelen har køyrd i autovernet på nedsida av den lange Nordnessvingen mellom Slinda og Ylvisåker.

Les også
Alvorleg MC-ulukke mellom Sogndal og Leikanger

Les også
Politiet gjer undersøkingar på staden – vegen vert opna for manuell dirigering