Onsdag presenterte Hydro Årdal eit overskot før renter, skatt og avskrivingar på 965 millionar kroner for andre kvartal 2026.

Overskotet er meir enn dobla samanlikna med same periode i 2025, skriv verksemda i ei pressemelding.

Sterk auke i aluminiumspris, høgare salsvolum og redusert råvarekostnad bidreg til eit av dei beste kvartalsresultata i Hydro Årdal si historie.

– Til samanlikning er dette på nivå med årsresultatet vårt i 2020, seier fabrikksjef Anveig Bjordal Halkjelsvik.

Stabil drift

– Dette er eit svært sterkt resultat som kjem frå ein organisasjon som leverer kvar einaste dag. Hydro Årdal har gjennom år arbeidd målretta med tryggleik, kvalitet og kontinuerlege forbetringar. Stabil drift i både elektrolysen, karbon og støyperiet er ein viktig del av forklaringa på dei gode tala, seier fabrikksjef Anveig Bjordal Halkjelsvik.

Trass i dei sterke resultata peikar fabrikksjefen på at marknadene framleis er prega av geopolitisk uro, endringar i internasjonale varestraumar og stor uvisse i delar av europeisk industri.

– Resultata våre blir påverka av faktorar utanfor vår kontroll, men som påverkar aluminiumsprisar, valuta og marknadsutviklinga i Europa. Norsk aluminiumsindustri er godt posisjonert som leverandør av eit kritisk materiale til europeiske kundar, men for å sikra langsiktig konkurransekraft er me avhengige av tilgang på fornybar kraft til konkurransedyktige prisar, stabile rammevilkår og fri marknadstilgang til Europa, seier Halkjelsvik.

Hydro Høyanger

Også Hydro Høyanger leverer gode resultat.

Der har dei eit overskot før renter, skatt og avskrivingar på 296 millionar kroner for andre kvartal 2026. Sterk og stabil drift er viktig del av forklaringa.

– Me leverer eit sterkt resultat i eit kvartal der både elektrolysen og støyperiet har gått svært godt. Etterspurnaden etter produkta våre er høg, og me kunne eigentleg levert meir enn det vi produserer i dag, seier fabrikksjef Ann Synnøve Øygard i ei pressemelding.

Produksjonen har vore prega av god stabilitet og få driftsforstyrringar gjennom kvartalet. Samstundes har systematisk arbeid med forbetringar gitt positive utslag både på kvalitet, kostnadsnivå og produksjon.