Det var 24 år gamle Simen Liljedahl frå Sogndal som omkom i MC-ulykka i Sogndal onsdag. Det skriv politiet i ei pressemelding.
Ulykka skjedde i Nornessvingen på riksveg 13, mellom Sogndal og Hermansverk. Motorsyklisten vart sendt med luftambulanse til Haukeland sjukehus, men livet stod dessverre ikkje til å redde.
Sogndal kommune har kopla på kriseteamet for å vareta dei næraste. Ifølge Sogn Avis var det fleire som hadde lagt ned lys og blomster på ulykkesstaden onsdag.
– Dette er ei skikkeleg tragisk ulykke som enda på verst tenkjeleg vis, sa politistasjonssjef Magne Straumstein til avisa.
Hendinga vert etterforska ved Sogndal politistasjon. Statens vegvesen si ulykkesgruppe og krimteknisk gruppe frå Vest politidistrikt vil torsdag gjere fleire undersøkingar på ulykkesstaden.