Opninga av det nye, permanente 22. juli-senteret skjer på dagen 15 år etter terrorangrepet, der 77 menneske vart drepne.

Ein modell som viser Utøya.
Foto: Rodrigo Freitas/NTB/NPK
Senteret er no tilbake på åstaden der bomba small etter å ha hatt mellombels base nokre steinkast unna regjeringskvartalet i nokre år.
– Det er viktig, seier leiaren for 22. juli-senteret, Lena Fahre.
– Me har på mange måtar teke regjeringskvartalet tilbake. Det er noko fint ved det. Men det er også viktig å ta med seg den vanskelege delen av historia og bevara spora. Difor er det veldig viktig å ha ei utstilling i autentiske lokale, seier ho til NTB.
Gjenstandar blir utstilte for første gong
Den permanente utstillinga inneheld ei lang rekkje gjenstandar som aldri før er viste fram for offentlegheita.
Blant desse er gummistøvlane til Bano Rashid, som vart drepen på Utøya. Tidlegare same dag hadde ho lånt bort gummistøvlane til Gro Harlem Brundtland, som besøkte øya og trong fottøy som passa til det regntunge vêret.
AUF-genseren til ein av dei overlevande er også utstilt. Genseren vart riven opp av legane på sjukehuset. I etterkant sydde bestemora genseren saman igjen som ein del av eigen sorgprosess.
Dåverande statsminister Jens Stoltenbergs eigne handskrivne notat frå den fatale dagen er utstilte for første gong.

Ein AUF-hettegenser til utstilling inne på senteret.
Foto: Rodrigo Freitas/NTB/NPK
Uniforma til terroristen
Loggen frå MS Thorbjørn vert også vist fram for første gong i eit monter som vert kalla bevismaterialet til politiet.
Her vil ein også for første gong kunna sjå den falske politiuniforma til terroristen som han hadde på seg.
– Dette er viktig å visa fram, seier Fahre.
– Den heimelaga politiuniforma som gjerningsmannen hadde på seg, viser me fordi han brukte henne som eit aktivt verkemiddel for å kunna drepa flest mogleg.
– Han skriv seg inn i loggen på MS Thorbjørn som politi, kjem til øya, drep dei vaksne først og lurer deretter folk fram for å kunna skyta og drepa dei. Me har mange vitneforteljingar som beskriv at det var grunnen til at dei vart drepne.
Det er fleire stader i senteret der det ikkje er lov å ta bilete – og det gjeld mellom anna monteret med gjenstandane til terroristen.
– Me ønskjer ikkje at bilete av den uniforma skal kunna brukast positivt av høgreekstreme. Som me viser i utstillinga «Radikalisering», det blir laga memes, videospel og anna innhald med bilete av Breivik og Hitler. Me vil ikkje bidra til at slike bilete hamnar i feil kanalar, seier Fahre.

Mobiltelefonar brukte på Utøya.
Foto: Rodrigo Freitas/NTB/NPK
Eit viktig læringssenter
I tillegg til å minnast dei drepne er senteret også eit læringssenter mot ekstremisme og radikalisering.
– Me kjem til å ha mange fine undervisningsøkter med elevar frå 15 år og oppover. Dei som er 15 år no, vart fødde i 2011, seier Fahre.
– I fjor hadde me 25 000 besøkjande, og 60 prosent var elevar og lærarar. Det blir utruleg viktig å ta i bruk eit senter som ligg midt i regjeringskvartalet, der departementa held til, og på mange måtar i sentrum av makta. Eg trur det blir kjempeviktig.