For fyrste gong på over 15 år var det konsert på denne arenaen.
Stas
Parkdirektør Jarand Olsen smilte om kapp med julisola da han ønskte publikum velkomen i amfiet. Olsen la ikkje skjul på at det er stas å ha eit slikt arrangement der igjen. Ein arena som tidlegare har hatt besøk av Dizzie Tunes, Hellbillies og Odd Nordstoga.
BYTING: Byting på scena i Sommarland.
Foto: HALVOR ULVENES
RØRANDE: Vokalist Thomas Hellekås med rørande hyllest til bestefaren.
Foto: Halvor Ulvenes
Godbitar
Byting, som byr på både country og folkrock, skapte raskt god stemning. Dei starta den fyrste halvtimen med å servere fleire godbitar frå det nye albumet som kjem til hausten. Det byr på kjærleiksviser om « jenter som kommer og jenter som går». Den flotte musikken der er god marknadsføring for den nye utgjevinga.
KOS: Publikum koste seg i Sommarland torsdag kveld.
Foto: Halvor Ulvenes
Betyr mykje
Bandet som oppstod etter ei tragisk trafikkulykke for 14 år sidan, kjempar aktivt mot ruskøyring. Frå scena oppmoda vokalist Thomas Hellekås publikum om å ta vare på kvarandre. Deretter serverte han visa
«Ensom mann».
– Den har vore med oss heile tida, og eg veit at den betyr mykje for mange, sa Thomas.
SNART SLEPP: Byting kjem med nytt album til hausten.
Foto: HALVOR ULVENES
Rørande
Den populære og jordnære musikaren heidra også sin 90 år gamle bestefar som drog tidleg til sjøs. Han har laga ei rørande vise om sjølivet til ære for morfaren.
TEKSTFORFATTAR: Thomas Hellekås skriv tekstane til Byting.
Foto: HALVOR ULVENES
Personleg
Vokalisten skriv om samlivsbrot.
«Mann av glas» er ei slik vise og ei av dei mest personlege, ifølgje låtskrivaren.
Fekk helse
Etter konserten blei publikum, som kvitterte med ståande applaus, invitert til å møte bandmedlemmene rett ved scena i Bø Sommarland.
GODT FRAMMØTE: Godt frammøte etter konsertpause på over 15 år.
Foto: HALVOR ULVENES
TAKKA: Byting takkar for seg etter konserten.
Foto: HALVOR ULVENES