Det brusar bra i Voss-leiren under årets Dana Cup. Med eit strålande sommarvêr i Nordjylland og topp humør på campus, støttar lagkameratar, trenarar og foreldre kvarandre frå sidelinja.
Gutar 16 til A-kvartfinale – heia fram av heile leiren
Gutar 16 leverte ein storslegen kamp då dei feide Nymark av banen 4–0. Sigeren sende gutane rett inn i kvartfinalen i det gjeve A-sluttspelet der dei møter Flint 1 frå Tønsberg.
Gutar 15/16.
Foto: FBK Voss.
Sigeren var i høgste grad eit lagarbeid, også frå tribunen. Alle frå Vossa-leiren stod tidleg opp for å heia gutane fram.
– For ein fin gjeng med ungdommar, eg vert heilt rørt og stolt av dei, fortel årets reiseleiar Hege Aldal Indrebø.
Vossingane tapte kvartfinalen 0–1 mot Flint 1.
Debutantar i kvartfinale og jamne semifinalar
Det er ikkje berre gutar 16 som markerer seg i Danmark:
Jenter 14–1 og 2 er med på Dana Cup for fyrste gong, og har spelt seg heilt fram til kvartfinalar i B-sluttspelet der fotballeventyret slutta for begge laga.
Jenter 14-2.
Foto: FBK Voss.
Jenter 18/19 kjempa seg fram til semifinale i A-sluttspelet. Der vart det eit knipent 1-0-tap mot heimelaget Fortuna Hjørring etter ein jamn kamp.
Jenter 18/19.
Foto: FBK Voss.
Gutar 15: Tok seg også vidare til A-sluttspelet, men måtte takke for seg etter straffesparkdrama.
Stopp video
Slå på lyd
Dommartalent frå Voss
Dommartalentet Håkon Skjoldli får kjenna på spenninga i dei internasjonale kampane. Han har dømt over 40 kampar heime i Norge i vår, noko han dreg nytte av no.
– Mange av kompisane mine skulle nedover, så då eg kunne jobba og samstundes vera saman med dei. Det var ein vinn-vinn-situasjon, fortel Skjoldli.
I Danmark vert det dømt etter FIFA-reglar, og temperaturen kan verta svært høg når lag frå heile verda møtast:
Eg hadde nett ein match med eit meksikansk lag der eg måtte trø til og beskytte hovuddommaren. Det stå mykje på spel i mange kampar, og ein møter tøffe utfordringar med store kulturforskjellar – alt frå høg temperatur til fysiske konfrontasjonar.»
– Håkon Skjoldli, dommar på Dana Cup.
Det er ikkje berre spelarane som representerer Voss på Dana Cup i år. Håkon Skjoldli gjer ein viktig innsats med fløyta på dei danske grasbanane.
Unikt miljø og læring for livet
Trass i tøffe tak på banen, trekkjer Skjoldli fram det sosiale miljøet som det aller beste med turen. Dommarane bur saman og utvekslar erfaringar på tvers av landegrensene.
– Det er eit utruleg inkluderande miljø. Her bur me i lag med dommarar frå Ghana til Skandinavia. Eg møter mange dyktige dommarar som har dømt på høgt nivå, og det er veldig kult å få jobba saman med dei, fortel Skjoldli.
Han ser på Dana Cup som ein perfekt arena for å veksa i dommarrolla før haustsesongen heime i Noreg.
– Dømming er ferskvare. Her får ein prøve seg i vanskelege kampar, men eg opplever støtte og gode tips frå dei andre dommarane. Det er ein fantastisk utviklingsarena der ein lærer mykje om både meistring og handtering av utfordringar.
Med strålande sol, gode resultat og ein solid heiagjeng held Dana Cup-festen fram heilt til sundag.

Les også
Cupmagi i Danmark: FBK Voss heidra med «Honor Award»

Les også
Kjartan debuterte tidleg i arbeidslivet. – Eg var så stolt i frakk med mange kulepennar