Politiet melder at to stykk frå Røde Kors tek seg opp til Kaldavasshytta for å henta ein kvinneleg turist laurdag føremiddag.

– Ho har forsøkt å koma seg ned til Upsete for å ta toget vidare, men på grunn av dårleg vêr måtte ho gå tilbake til hytta, opplyser operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Morten Rebnord.

Han legg til at det er meldt mykje regn, vind og kaldare vêr det neste døgeret.

– Kvinna er ikkje tilstrekkeleg kledd for forholda i fjellet.

Politiet fekk melding om hendinga klokka 11.50.