
Her er thrashbandet Toxicate fotografert på scenekanten på det tidlegare samfunnshuset i Ulsteinvik. Fv. bak: Kristian Engenes, Johan Alme og Ole Walaunet. Fv. framme: Even Kern og Frank Kern.
På slutten av 1980-talet dundra det frå øvingsrommet på Hjalmar fritidsklubb i Skollebakken, i Ulsteinvik. Der stod ein gjeng tenåringar med slurvete klede, store draumar, og høge ambisjonar. Ein av dei var Even Kern.