– Dei er komne i ein alder der det er litt spennande med gutar.

Trenar Stig Roar Hovland kan avsløra at det ikkje berre er leiken med kula som står i fokus når Vik sitt J13/14-lag først har teke turen til Ekebergsletta og Norway Cup.

– Det har vore veldig populært å reisa ned at på skulen og treffa dei mellom kampane.

Jentene har storkosa seg i det strålande vêret i hovudstaden, kan Hovland fortelja.

– Det er sydentemperatur her. Heilt magisk.

Tøff motstand

Sportsleg har det òg vore medgang.

– Eg tykkjer det er ein kjempeprestasjon å kvalifisera seg for A-sluttspelet når halve laget består av 13-åringar, seier ein stolt trenar.

I gruppespelet vart det to sigrar og eitt tap. Seinare i dag ventar Bryne på motsett banehalvdel i første utslagskamp.

– Etter det eg har høyrt er det eit veldig godt lag. Dei kom mellom anna langt i Adidas Cup i fjor.

– Systera til Haaland spelar på laget, legg han til.

Dermed er det ikkje anna å gjera enn å bretta opp ermene.

– Me likar å møta gode lag, slå litt nedanfrå. Me får gje alt, så blir resultatet som det blir. Siger eller tap, me tek det som kjem.

I verste fall blir det tur til Tusenfryd i morgon. I beste fall får dei i alle fall ein kamp til.

Desse laga har teke seg vidare i A-sluttspelet førebels:

G13 9-ar Jotun/Lærdal (møter Tertnes torsdag 10:30)

J14 Jotun (møter KFUM-Kam torsdag 10:30)

J14 Sogndal (møter Byåsen torsdag 11:20)

G14 Sogndal (møter Karanba onsdag 18:10

J15 Sogndal (møter Asker/GUI/DIF torsdag 11:30)

J17 Sogndal (møter FC Rosengarten torsdag 12:45)

G19 Vik (møter Stjørdals/Blink torsdag 10:15)