Tysdag klokka 17:48 vart Hordaland tipsa om eit trafikkuhell i Granvin sentrum.

– Det ser ut som ein bil har køyrt i autovernet, sa tipsaren, som ynskte å vera anonym.

Store materielle skadar

Brannsjef David Skjerven hjå Voss brannvern stadfesta at dei rykte ut på hendinga.

– Det er ein utanlandsk bil som har køyrt utfor vegen og tatt med seg fleire meter av autovernet. I tillegg er det knekt fire stolpar, sa han. 

Varabrannsjef Geir Ove Pedersen sa frå staden at det var to personar i bilen, og at dei verka oppegåande og uskadde.

Ifylgje bilete frå staden såg det ut som store materielle skadar.

Inndrege førarkortet

Operasjonsleiar Tore-Andre Brakstad hjå Vest politidistrikt opplyste at føraren har køyrt ned rundt 30-50 meter med autovern.

– Føraren av bilen, ein mann i 20-åra, får førarkortet sitt inndrege. Me mistenkjer aktlaus køyring.

Ifylgje politiet var det to bilar i eit fylgje. 

– Den andre bilen har også køyrt aktlaus, og føraren av denne har også fått inndrege førarkortet sitt, opplyste Brakstad.

Les også

Trafikkulukke på E16 ved Stalheim

Les også

Framleis uavklarte spørsmål rundt dødsfallet