Klokka 01.56 meldte politiet om ei trafikkulykke på E16 i Aurland mellom Gudvangatunnelen og Flenjatunnelen.
Det skal ha vore ein kollisjon mellom eit vogntog og ein personbil.
Politiet skildrar ulykka som alvorleg.
– Førar i personbilen er frigjort frå bilen og blir behandla av helsepersonell. Førar av vogntoget ser ut til å vere fysisk uskadd, opplyser Morten Rebnord i Vest politidistrikt.
Klokka 05:21 oppdaterer Rebnord at politiet har gjennomført foreløpig avhøyr og rustest av føraren av vogntoget, og har ikkje mistanke om køyring i påverka tilstand.
Brannvesen og ambulanse har vore på staden. Brannvesenet har sendt mannskap frå Aurland, Voss og Vossestrand. Eit SAR-Queen-helikopter vart sendt frå Florø.
– Politiets krimteknikarar og Vegvesenet si ulykkesgruppe jobbar på staden, oppdaterer overtakande operasjonsleiar Tore-Andre Brakstad.
Begge tunnelane er stengde som følge av ulykka. Statens Vegvesen antar at vegen kan opne rundt klokka elleve torsdag føremiddag. I mellomtida er det omkøyring via Rv7 Hardangervidda.
Litt over klokkka åtte stadfestar politiet at føraren av bilen, ein mann i 20-åra, er omkomen. Dei kan framleis ikkje seie noko om årsaka til ulykka. Pårørande er varsla.
Firda oppdaterer saka.