(Firda)

Frivillige frå Røde Kors er på veg til mannen, ved ei turisthytte i Breheimen nord for Skjolden. Ifølge Politiets operasjonssentral har hjelpemannskapa ein lang veg å gå.

NRK omtala saka først.

– Hovudutfordringa er at han truleg har knokke ein fot. Utfordringa vår er å få han ned til medisinsk behandling, seier operasjonsleiar i Vest politidistrikt Tore-Andre Brakstad til NRK.

Det skal vere tåke og lågt skydekke som skapar utfordringar for redningshelikopteret.

Operasjonsleiar Frode Kolltveit opplyser at pasienten ikkje er på hytta, men ca. éin kilometer unna.

Luftambulansen har gjort eit nytt forsøk, men måtte snu.

Ti personar frå Røde Kors starta turen mot pasienten kl. 14.30.

Klokka 16.5 kjem politiet med ei oppdatering. Redningshelikopteret har klart å hente ut pasienten. Røde Kors returnerer.