FIRDA: Frivillige frå Røde Kors sette i 14.30-tida kurs mot turgåaren, som oppheldt seg ein kilometer unna ei turisthytte i Breheimen nord for Skjolden. Ifølgje politiet hadde hjelpemannskapa ein lang veg å gå.

NRK omtala saka først.

– Hovudutfordringa er at han truleg har knokke ein fot. Utfordringa vår er å få han ned til medisinsk behandling, sa operasjonsleiar i Vest politidistrikt Tore-Andre Brakstad til NRK.

Tåke og lågt skydekke skapte lenge vanskar for redningshelikopteret.

Klokka 16.15 opplyser politiet at helikopteret har klart å henta ut pasienten, som no blir ivareteken av helsepersonell. Aksjonen er dermed avslutta, og dei frivillige frå Røde Kors er på god veg tilbake.