Debattinnlegg

Dette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

Saka rundt Luis Pimenta har utvikla seg til å bli langt meir enn ei personalsak. Den handlar no om tillit, leiarskap og korleis Sogndal Fotball blir styrt.

Når klubben har sett inn advokatar, sett i gang ei ekstern gransking og sportssjefen har valt å tre til side, er dette ikkje lenger ei intern utfordring. Det er ei sak som påverkar heile klubben sitt omdøme.

Påstandar om rasisme er blant dei mest alvorlege skuldingane som kan rettast mot eit menneske. Difor er det heilt avgjerande at saka blir grundig undersøkt og at alle involverte får ei rettferdig behandling. Men det fritar ikkje klubben frå å svare på dei mange spørsmåla som no melder seg.

Mørke skyer over Fosshaugane.
Foto: Vidar Vadseth

Det mest openberre spørsmålet er kanskje det enklaste: Korleis kunne styret og sportssjefen for berre ni månader sidan kome fram til at Luis Pimenta var rett person til å leie klubben heilt fram til utgangen av 2028?

Ein kontrakt av den lengda blir ikkje underskriven ved ein tilfeldigheit. Den byggjer på tillit, grundige vurderingar og ei tru på personen og prosjektet. Kva har skjedd på ni månader som har snudd dette fullstendig? Var det forhold leiinga ikkje kjende til då kontrakten blei signert? Eller visste dei om konfliktar utan å ta dei på alvor?

Begge alternativa er ubehagelege.

Dersom leiinga ikkje visste, må ein spørje kor god kontroll dei eigentleg hadde. Dersom dei visste, må ein spørje kvifor dei likevel valde å binde klubben til ein lang kontrakt.

Sportssjefen har no trekt seg til side. Det er i seg sjølv eit signal om at saka er alvorleg. Men kva med styret? Styreleiaren kan ikkje stå på sidelinja og late som dette berre er ei sak mellom ein trenar og klubben. Styret har det øvste ansvaret for avgjerslene som blir tekne, også når dei viser seg å få store konsekvensar.

Den eksterne granskinga må få arbeide uavhengig. Det er heilt naudsynt. Men granskinga må ikkje bli eit skjold som gjer at styret slepp å svare på dei spørsmåla som allereie kan stillast om leiarskap, styring og ansvar.

Samstundes må klubben vere budd på at denne saka kan få store økonomiske konsekvensar. Advokatar kostar pengar. Ei ekstern gransking kostar pengar. Dersom arbeidsforholdet endar i eit forlik eller ei anna økonomisk løysing, kan rekninga bli endå større. Kvar krone som går til å handtere denne konflikten, er pengar som ikkje går til spelarutvikling, breiddearbeid eller sportsleg satsing.

Det er difor heilt legitimt at medlemmar, supportarar og sponsorar spør kva denne saka kjem til å koste klubben.

Det er også legitimt å spørje korleis styret vil handtere eventuelle økonomiske oppgjer. Eventuelle avtalar må vere forsvarlege og kunne tole innsyn og kritiske spørsmål. Klubben må kunne forklare kvifor løysinga som blir vald, er den beste for Sogndal Fotball.

Sogndal Fotball har gjennom mange år bygd opp eit omdøme som ein ryddig, respektert og godt driven klubb. Slike omdøme blir ikkje øydelagde av éi vanskeleg sak. Dei blir øydelagde dersom leiinga møter kritikk med stillheit, uklåre svar eller manglande ansvar.

Når granskinga er ferdig, må det ikkje kome ei kort pressemelding om at «saka er avslutta». Klubben skuldar medlemmane, sponsorane og supporterane ei reell forklaring. Kven tok avgjerslene? Kva vurderingar låg bak kontraktsforlenginga? Kva gjekk gale? Kva ansvar tek leiinga? Og kva blir gjort for at noko liknande ikkje skal skje igjen?

Det handlar ikkje om å finne syndebukkar. Det handlar om ansvar.

Tillit kan ikkje krevjast. Den må fortenast.

Sogndal Fotball står no ved eit vegskilje. Klubben kan velja openheit, sjølvkritikk og ansvar. Eller ein kan håpa at stormen går over av seg sjølv.

Historia viser at den siste strategien sjeldan fungerer.