Sundag ettermiddag fann ein turgåar ein død person i Vangsvatnet.
Politiet har sidan jobba med å finna ut av kva som har skjedd.
Framleis har politiet uavklarte spørsmål.
– No har me snakka med dei me trur kan ha vore i kontakt med kvinna, seier politiadvokat Inger-Lise Høyland til Hordaland.
Onsdag ettermiddag går politiet ut og ynskjer tips frå publikum.
Har snevra inn tidsrommet
– Me har ein observasjon av avdøde sundag morgon, fortel politiadvokat Inger-Lise Høyland.
Utifrå observasjonar og vitneavhøyr har politiet danna seg eit bilete av kva område kvinna har oppheldt seg i.
– Me veit ikkje kva som kan ha skjedd, og me gjer undersøkingar for å avklara det me ikkje veit, seier ho og held fram:
– For å kunna avklara kva som har skjedd må me vita litt om bevegelsane hennar.

Naudetatane rykte ut sundag etter melding om at forbipasserande hadde observert ei død kvinne i Vangsvatnet.
Foto: Marit Folkedal Lussand
Ynskjer tips
– Politiet er interessert i observasjonar av ei kvinne i 40-åra med kort hår, iført mørk tights med kvitt blomstrete motiv, grå joggesko, svart vest med ei tynn, lysegrå jakke over, opplyser Arne Lutro, kommunikasjonsdirektør i Vest politidistrikt, i ei pressemelding.
Kvinna kan ha bore på ein middels stor gråfarga bag.
Kvinna vart funnen ved elvemunninga der Vosso renn inn i Vangsvatnet.
Politiet er interessert i observasjonar gjort i Strandavegen ved TESS og i retning Voss sentrum, området Langebrua og vidare i retning mot Brynagjelet, i tillegg til heile Tvildemoen.
Det aktuelle tidsrommet er sundag 26. juli mellom klokka 09:00 og 13:00.
– Om nokon har sett kvinna i dette tidsrommet er me interesserte i å få vita om det, seier Høyland.
Har du tips? Kontakt politiet på telefon 56 52 87 15 eller via https://www.politiet.no/tjenester/tips-politiet/

Les også
Framleis uavklarte spørsmål rundt dødsfallet

Les også
Etterforskar for å finna svar på kva som har skjedd

Les også
Funn av død person i Vangsvatnet