I rekruttklassen for jenter vart det dominans frå Voss Skyttarlag på sprinten. 

Tora Opheim Nesbø sprang og skaut seg helt til topps, og kan no titulera seg som fersk noregsmeister. 

Ho var slett ikkje sikker på at gullet var i boks då ho kryssa målstreken. 

Reglane i skogsløp krev nemleg at ein skyt seks skot per serie. 

– Eg skaut berre fem skot på den fyrste serien. Eg er veldig glad for at eg ikkje vart diska, men i staden fekk tilleggstid på eitt minutt. Då eg endeleg skjønte at eg vann, var kjensla god, fortel den ferske noregsmeisteren.

Ronja Soldal Sletner vart nummer to medan Tora Opheim Nesbø tok noregsmeister-tittelen i kvinner rekrutt-klassen.
Foto: Voss Skyttarlag

Å bytta ut rulleski med joggesko, og skiskyttarblink med skogsløp-blink, byr likevel på utfordringar:

– Du får litt meir puls av å springa, og då er det vanskelegare å roa ned pulsen til skytinga. I skogsløp har me litt større blink og skyt på 100 meter, medan me til vanleg i skiskyting skyt på 50 meter, forklarar Tora.

Lagvenninna Ronja Soldal Sletner (13) gjekk inn til ein sterk 2. plass og sikra seg sylvmedaljen. 

– Det var veldig kjekt, for me har trent mykje saman, seier Tora om 2. plassen til Ronja.

Syster-suksess

Suksessen stoppa på ingen måte der. 

I klassen for eldre rekrutt viste Istad Kristiansen-familien seg fram på resultatlistene. 

Maria Istad Kristiansen (15) sikra sylv, medan Sara Istad Kristiansen (14) tok bronse. 

Yngstesyster Gabriella (10) var også i aksjon i nybyrjar ung-klassen. 

Sjølv om deltakarane her ikkje vert rangerte med plasseringar, leverte ho ein svært god prestasjon og beste tid i klassen på 13:09.5. 

Alle dei fem vossajentene som utmerka seg på Dombås torsdag driv til vanleg med skiskyting i Voss Skiskyttarlag.

Sara (14) og Maria (15) Istad Kristiansen drog begge heim til Voss med medaljar.
Foto: Privat

Ladar om til Landsskyttarstemna på Lesja

Med gode resultat reiser Voss skyttarlag vidare til høgdepunktet for sesongen. 

Fredag startar nemleg Landsskyttarstemna på Lesja.

Voss Skyttarlag stiller med ein brei tropp på 15 skyttarar i alderen frå ti til nærare 80 år. I tillegg stiller skyttarar frå både Granvin og Borstrondi til start. 

Saman med over 4600 andre skyttarar frå heile landet skal dei kjempa om heider og ære i veka som kjem, der tevlingane vil gå føre seg heilt fram til neste fredag.

For skiskyttarane ventar Blinkfestivalen i Sandnes.

– På onsdag er det Lysebotn Opp. Det er eit hardt løp som eg både gruar og gler meg til, fortel Tora.

Les også

Knut Henrik (21) sa opp jobben for å gå «all in» på Norseman

Les også

Måtte redda person i elva: – Han stod og skalv

Les også

Mann skal ha gjort fleire skadeverk på Vangen