Saka er oppdatert.
Politiet på Voss reagerte etter ei hending onsdag, der ei eldre kvinne vart trekt eit uforholdsmessig høgt beløp i samband med dørsal av fisk.
– Det er snakk titals tusen. Årsaka til at me reagerer er at beløpet som vart trekt var høgare enn det dama trudde. Me vil finna ut om det er ein feil her, eller mogleg svindel, sa Henning Hegbom ved Voss politistasjon fredag føremiddag.
I den fyrste artikkelen Hordaland publiserte gjekk politiet ut og ynskte seg tips i saka.
Men fredag kveld fortel Hegbom at dei har vore i kontakt med seljaren og at det har vore gjennomført eit reelt sal.
– Det verkar no som at partane skal koma til ei eining.

Les også
Mann skal ha gjort fleire skadeverk på Vangen

Les også
Kvinne funnen død: No ynskjer politiet hjelp