Klokka 23.08 laurdag kveld fekk 110-sentralen inn melding om at det brann.

– Det var store flammar, men dei dempa seg noko. Det brann godt ei stund, men det var ikkje fare for spreiing, opplyser operasjonsleiar Frode Kolltveit i Vest politidistrikt.

Sendt til legevakt

Like over klokka 01.00 natt til søndag kom meldinga om at brannen var sløkt.

– Ein arbeidar vart teken med til legevakt i ambulanse for helsesjekk etter å ha vorte eksponert for røyk, fortel Kolltveit.

Ukjend årsak

Politiet har gjennomført avhøyr av vitne på staden og har oppretta sak. Ifølgje politiet er arnestaden truleg lokalisert.

– Det har truleg byrja å brenne i eit beltehjul på anleggsmaskina på steinknuseverket, seier operasjonsleiaren.