Siste: Fire personar er sende til sjukehus på Voss, tre andre til Haukeland sjukehus. Det var ein mann og ei kvinne i 40-åra og to barn på 11 og 8 år i den eine, ein mann i 50-åra og ein mann i 20-åra i den andre.

E16 vart laurdag stengd ved Evanger mellom Bergen og Voss etter ei trafikkulukke. Det kunne bli stengt i mange timar, opplyste Vegvesenet. Dei føreslo omkøyring via Hardanger, noko som medførte ein ekstra time for reisande mellom Bergen og Sogn.

Ifølgje politiet var to bilar involverte i ulukka.

– Det framstår som ei alvorleg ulukke. Meldt om at det skal vera barn involvert, skreiv politiet i ei oppdatering klokka 18:08.

Ifølgje 110 Vest var det meldt om ei front mot front-ulukke med fleire skadde og ein fastklemd.

– Brannvesenet har starta med frigjering av personen som er fastklemd, skreiv dei i ei oppdatering.

Alle naudetatar var på staden, opplyste politiet klokka 18:23.

Fire pasientar vart seinare køyrde til sjukehuset på Voss, medan tre andre vart flydde til Haukeland.