Klokka 23.08 fekk 110-sentralen melding om brann i ein anleggsmaskin på eit knuseverk i Gulen.
Det melder politiet klokka 23.52.
– Det har vore store flammar, men det har dempa seg noko, opplyser Frode Kolltveit, operasjonsleiar ved Vest politidistrikt.
Han melder vidare at det ikkje er fare for spreiing.
Alle naudetatar er på veg.
01:03 melder politiet at naudetatane er på staden og at politiet har starta etterforsking og avhøryr av vitne.
Politiet opplyser at ein arbeidar er teken med til legevakt i ambulanse for helsesjekk etter eksponering for røyk.
01:18 er brannen sløkt.
– Brannen har truleg starta i eit beltehjul på anleggsmaskina utan at vi kjenner til årsaka, opplyser Kolltveit.
Politiet opprettar sak.