– I det augeblikket du skal kjøpe forsikring, leitar du etter den beste prisen. Men i det augeblikket skaden oppstår, vil du ha den beste dekninga. Desse to tinga går ikkje alltid så godt saman, seier Jan Hallstensen.
Jan Hallstensen har lang erfaring som forsikringsagent i Florø. Han meiner storbrannen i Drammen, der over hundre rekkehus vart råka og fleire viste seg å vere uforsikra, viser ein skummel trend som ofte er usynleg.
– Når det skjer i så stor skala som i Krogstadelva, blir det veldig synleg. Men at folk står utan dekning skjer dessverre med jamne mellomrom. Eg har opplevd fleire her i distriktet som har gått på store tap fordi dei mangla forsikringsdekning når ulykka skjedde. Det er tragisk for dei som blir råka, slår han fast.

– Når du kjøper forsikring, vil du ha lågast pris, og når det smeller vil du ha best dekning. Desse to tinga er ikkje alltid så lette å balansere, seier Jan Hallstensen.
Foto: Dag Frøyen
Slik «mistar» folk forsikringa si
For korleis kan ein eigentleg ende opp med eit uforsikra hus eller innbu? Hallstensen peikar på fleire klassiske feller:
- Endring i livssituasjon: – Du har hatt innbuforsikring via sambuar eller ektefelle. Etter eit samlivsbrot er tankane ofte andre stader, og det er lett å gløyme å teikne eiga forsikring.
- Meldt ut av fagforeining: – Mange har innbuforsikring inkludert gjennom medlemskap i LO eller andre fagforeiningar. Om du melder deg ut, forsvinn også forsikringa – utan å tenkje over at du må erstatte den. Det same gjeld om du skiftar arbeidsgjevar.
- Svikt i trekk: – Avtalegiroar eller faste trekk kan feile eller stoppe opp. Det kan gå eit halvt til eit heilt år utan at folk oppdagar at forsikringa har opphøyrt på grunn av manglande betaling. Har du ikkje betalt for forsikringa di, er du heller ikkje forsikra.
- Blitt 21 år: – Når borna fyller 21 år, må dei ofte teikne eigen reiseforsikring. Sjukehusopphald i utlandet utan god nok dekning blir fort dyrt.
- Nybilgaranti gått ut: – Er garantien gått ut på bilen din, kan maskinskadeforsikring vere ei lønsam investering.
Hallstensen fortel at bransjen i dag ikkje er flinke nok til å fange opp at kundane kanskje ikkje er forsikra. For Hallstensen, som sel forsikring i distriktet, handlar det meir om å bygge tillit over tid ved å levere kvalitet og selje gode produkt.
– Det er viktig for oss å levere kvalitet, det kan ikkje vere slik at vi kryssar gata om vi møter kundane våre, seier han og smiler.
Men til sjuande og sist har ikkje forsikringsagenten kontroll på kva som skjer etter at kunden har gått ut døra. Dekninga er ditt eige ansvar.
Farlege «små bokstavar» og sparte tusenlappar
Det er spesielt på dei dyraste tinga våre at Hallstensen ber folk tenkje seg om ein ekstra gong. Han skjønar at det er freistande å velje det rimelegaste alternativet når ein samanliknar tilbod, men åtvarar mot billege standarddekningar.
– Å velje den dårlegaste forsikringa på huset – det absolutt dyraste objektet du eig – er slik eg ser det litt merkeleg. Kjøper du toppdekning på hus, enten det er hos oss eller andre selskap, er vilkåra 99 prosent likt dekka. Men vel du ei billegare standarddekning, har ho mykje fleire unntak, forklarar han.
Rådet hans er difor at det dyraste objektet du har bør vere noko du har best dekning på.
Han meiner at om du sparer til dømes 7000 kroner på ein billegare avtale, kan det fort bli ei ekstremt dyr innsparing dersom uhellet er ute.
– For eksempel ved vassinntrenging utanfrå: Får du vatn inn langs pipa og stuetaket byrjar å bule, dekkast ikkje det utan at du har toppdekning, påpeikar han.
Det er når kunden har helt andre forventningar enn det vilkåra tilseier, at dei store skuffelsane oppstår og tårene trillar.
Sjekk forsikringsbeviset ditt i dag
Sjølv om ein brann vanlegvis blir dekka uansett om du har standard- eller toppdekning (så lenge avtalen er aktiv), er rådet frå Hallstensen krystallklart: Gå inn og sjekk forsikringsbeviset ditt!
– Dei fleste gjer aldri det. Men det tek deg to minutt å logge deg inn med BankID på «Mi side» hos forsikringsselskapet ditt. Så kan du endre vilkåra om det er behov for det, påpeikar han.
Dette bør du kontrollere:
- Har du med alt? Sjekk om nybygd garasje, uthus eller vinterstove faktisk står oppført i forsikringsbeviset ditt. (Selskapet veit ikkje om dei nye tilbygga dine før du seier frå)
- Køyrelengd og bil: Køyrer du lenger enn avtalen tilseier, risikerer du avkorting ved skade. Køyrer du mindre, betalar du for mykje.
- Innbuforsikring: Sjekk at du faktisk har ei aktiv innbuforsikring, enten privat eller gjennom fagforeining.
- Korrekt areal og byggår: Sørg for at opplysningane om bustaden stemmer overeins med verkelegheita.
– Moralen er enkel: Det kostar sjeldan mykje meir å vere skikkeleg sikra. Å plutseleg stå utan dekning når katastrofen er eit faktum, er ein risiko du ikkje har lyst til å ta, er Hallstensen sitt tydelege råd.