– Det er veldig kjekt når det klaffar!, seier Magnus Kvalsvik om bord i båten «Teigenes».

Og klaffar gjer det, både med fisket og med etterspurnaden.

– Ingen hadde vel rekna med at det skulle bli så gode prisar!, seier Kvalsvik som er både styrmann, fiskar og trålbas på «Teigenes».

God start

Dette var fjerde makrellturen for «Teigenes» i år. Kvalsvik har vore med på alle.

– Det starta bra med ein kjempetur, der vi fekk 500 tonn. Og vi har fiska alt med not, fortel Kvalsvik, som har filma videoen under.

Tysdag låg den gule Herøy-båten i kø for å levere makrell til Pelagia Liavåg. I tankane låg 355 tonn fersk makrell, fiska 150 nautiske mil nord for Ålesund.

Her har notflåten håva inn tusenvis av tonn fin makrell dei siste vekene. Førre veke var ein topp med 27.300 tonn fangst, fordelt på 118 båtar.


Kø av ringnotbåtar ved Pelagia Liavåg.
Foto: Svein Aam

Prisane har ikkje fiskarane lov å oppgje, men dei legg ikkje skjul på at dei er nøgde. For det er «all-time-high».

– Dette fisket er avgjerande for korleis heile året blir. Det er dette vi gjer pengar på. Og det ligg an til eit godt år, seier skipper Vebjørn Sundnes.

Han kom om bord i «Teigenes» tysdag, og skal styre skuta på neste tur på makrellfeltet.

Travelt på mottaket

Fire ringnotbåtar skulle levere fangsten sin ved Pelagia Liavåg tysdag.

– Her går vi for full maskin, seier dagleg leiar Rune Hoddevik.


Dagleg leiar Rune Hoddevik ved Pelagia Liavåg har travle dagar.
Foto: Svein Aam

Det vil seie at rundt 70 personar er i full sving med å pakke makrellen og å få den inn på fryselageret.

– Det er fin storleik på makrellen. Den er fiska med not, og kvaliteten vert berre betre og betre, seier Hoddevik.


Storkast av makrell på «Teigenes».
Foto: Nicolai Nygjerdet/Teigenes

Etter det Sunnmørsposten har grunn til å tru får fiskarane betalt over 40 kroner kiloet for stor makrell denne veka.

– Men små kvotar vert prisane deretter. Vi som kjøper må berre prøve å overleve, seier Rune Hoddevik.

– Fryktar du at norsk makrell prisar seg ut av marknaden?

– Greier vi å halde oppe kvaliteten, så trur eg marknaden vil svelge dette. Her har norsk makrell ein fordel i forhold til konkurrentane. Men vi må ikkje fire på kvaliteten!


Styrmann Jimmy Benjaminsen på «Nordfisk» overvakar landinga av den verdifulle lasten av makrell.
Foto: Svein Aam

Bodø-båten «Nordfisk» var før «Teigenes» i køen. Styrmann Jimmy Benjaminsen fortel at dei skulle levere 155 tonn.

– Vi fiska litt lenger nord enn dei fleste andre. Her var det nok litt meir åte i fisken, fortel Benjaminsen.

Krevjande fiske

Men det er ikkje berre enkelt å vere makrellfiskar. Norges Sildesalgslag skriv i sin vekerapport at enkelte båtar har leita i dagevis før dei får fangst.

– Dette er ikkje uvanleg for makrellfisket i Norskehavet, ettersom makrellen samlar seg i store mengder den eine dagen, og er sporlaust borte den neste, står det i vekerapporten.

Det veit skipper Vebjørn Sundnes på «Teigenes» når han førebur seg på jakta etter dei siste 500-600 tonna som er att på årets kvote for deira del.

– Du har ingen garantiar for korleis fisket blir, seier Sundnes.