Klokka 14.49 fekk politiet melding om trafikkulykke mellom to bilar på Eikåsmyrane.

Det melder Vest politidistrikt.

Personane involvert er meldt å vere vakne.

Klokka 15.19 er både politi og brannvesenet på staden. Ein av dei involverte klagar på smerter, ifølge operasjonsleiar Ingrid Teigland Tepstad.

Ambulanse er også på veg.

Bilane sperra begge retningar på E39, men klokka 15.30 melder Firda sin journalist på staden at bilane er fjerna frå vegen og at trafikken flyt forbi.

Ifølge Vegtrafikksentralen er det mykje kø som følge av ulykka. Det er manuell dirigering på staden.

Det er materielle skadar på begge køyretøya.

Firda kjem tilbake med meir.