Klokka 16:52 melder politiet om ei trafikkulykke på E16 ved Nærøydalen i Aurland kommune.
Det skal vere snakk om ei påkøyrsle bakanfrå. Alle naudetatar er på veg til staden. Eitt felt skal vere sperra, men trafikken skal førebels flyte greitt forbi.
– Det skal dreie seg om ein bubil som har køyrt på ein personbil bakanfrå. Fire personar involvert, alle skal vere ute frå bilane, opplyser Jostein Steinsland-Hauge, vaktleiar ved 110-Vest.
Det skal vere noko lekkasje på staden, men dette skal truleg skuldast kjølevæske.
Firda oppdaterer saka.