Samstundes fall omsetninga frå 670,3 millionar kroner i 2024 til 456,2 millionar kroner i 2025 – ein nedgang på over 200 millionar kroner.

Styret peikar sjølv på utfordringar knytt til produksjon og marknadsprisar som dei viktigaste årsakene til resultatsvikten.

– 2025 har vore eit krevjande år med utfordringar knytt til produksjon og marknadsprisar, skriv styret i årsmeldinga.

Driftsresultatet enda på minus 61,1 millionar kroner, mot eit plussresultat på 41,3 millionar året før.

Bekymra for redusert kapasitet

I årsmeldinga trekkjer styret fram at selskapet har fått redusert den tillatne produksjonskapasiteten i produksjonsområde 4.

Den tillatne biomassen er redusert med totalt 18 prosent – frå 4.680 tonn til 3.888 tonn.

Styret skriv at dei er bekymra for korleis dette vil påverke selskapet si evne til å investere i ny og berekraftig produksjonsteknologi. Dette er også ei problemstilling Steinvik Fiskefarm tidlegare har peika på. Årsrekneskapen viser også at selskapet ikkje gjorde større investeringar i 2025.

– Nedtrekket er heilt klart krevjande for ei mindre havbruksverksemd som Steinvik. Det tek vek mykje av grunnlaget med tanke på forutsigbarheit og derav evne til å investere i verksemda som skal ruste oss for framtida. Det er mildt sagt usikre tider, seier dagleg leiar Erlend Vassbotten til Firdaposten.

– Det er no vi ser verknaden av nedtrekka vi og andre på vestlandet har fått, utdjupar han.

I årsmeldinga peikar styret også på usikkerheit knytt til rammevilkår, mogleg ytterlegare reduksjon i biomasse, marknadsprisane på laks, svak norsk krone og auka skattar og avgifter.

Meiner økonomien er solid

Trass i det svake resultatet vurderer styret den finansielle stillinga som god.

Ved årsskiftet hadde Steinvik Fiskefarm ein eigenkapital på 291,5 millionar kroner, tilsvarande ein eigenkapitaldel på 74 prosent.

Selskapet hadde dessutan positiv kontantstraum frå den ordinære drifta på nær 20 millionar kroner gjennom året.

– Styret er ikkje nøgd med selskapet sitt årsresultat. 2025 har vore eit krevjande år, men styret vurderer likevel selskapet si finansielle stilling og likviditet som god, heiter det i årsmeldinga.