Det skriv Vest politidistrikt i ei pressemelding.

Natt til søndag blei ein mann i 30-åra funnen livlaus på nedsida av ein over ti meter høg fjellskrent. Det blei forsøkt med livreddande førstehjelp, men livet stod dessverre ikkje til å redde.

Hendinga skjedde i Holmebakkane sør for hamna i Kalvåg, og blei først etterforska som ei ulykke.

No er ein mann i 50-åra sikta for å ha forlate den omkomne i hjelpelaus tilstand.

Pågripinga skjedde i samband med vitneavhøyr av mannen.

Fleire hypotesar

Vidare står det:

«Kva opplysningar som førte til pågripinga, kan politiet ikkje gå nærare inn på per no. Det står framleis att vitneavhøyr og vi ønskjer ikkje at desse kan bli påverka av opplysningar gitt via media.»

Den omkomne hadde vore på fest i Kalvåg, og blei etterlyst av kameratane då dei ikkje fann han heime hos seg sjølv. Politiet fekk melding klokka 05.10, og ein halvtime seinare fann kameratane han livlaus.

Arne Lutro, kommunikasjonsdirektør i Vest politidistrikt, skriv i pressemeldinga at politiet jobbar etter fleire ulike hypotesar.

– Vi har sett fleire ressursar på saka, både lokalt i Sogn og Fjordane og med hjelp frå kollegaar i Bergen. Vi planlegg å gjennomføre fleire vitneavhøyr i tillegg til nye avhøyr av den sikta, skriv Lutro i pressemeldinga.

Politiet har sikra mobiltelefonar, som dei jobbar med å gjennomgå. I tillegg hentar dei inn trafikkdata, eventuelle overvakingsbilde frå området og andre digitale spor.

– Det blir også gjennomført tekniske undersøkingar på åstaden og staden den sikta oppheldt seg i Kalvåg, opplyser Lutro.

Ber om tips

Den omkomne vil bli obdusert. Den er planlagt å gjennomførast på Gades institutt i Bergen på tysdag denne veka.

Politiet ber om at vitne som har vore i området i og rundt Kalvåg sentrum laurdag kveld til søndag føremiddag – og som meiner dei kan ha opplysningar i saka – om å kontakte politiet på tipstelefon 47 69 60 60.