Klokka 10:44 torsdag føremiddag vart det sett i gang ein redningsaksjon på fjellet Fannaråki i Sogn. Det melder operasjonsleiar Ingrid Teigland Teppstad i Vest politidistrikt klokka 11:30.

Det er ein britisk statsborgar i 60-åra som har skada seg. Vedkommande sit no på 1700 meters høgd og ventar på hjelp.

– Den skadde har med seg eit turfølget. Hen er vaken, men ikkje i stand til å gå ned sjølv, seier Teppstad.

Det er førebels ukjent korleis vedkommande har skada seg, men vedkommande skal ha smertar i ein fot.

Per no er det uvisst om det er vêr til å fly for helikopter. Frivillige er kalla ut for å hjelpe til med å få frakta vedkommande ned.

Klokka 12:01 fortel Teppstad til Firda at vêret ikkje er å sjå som forsvarleg å fly i. Ho legg til at redningsaksjonen vil skje til fots, og at dei vil gå turfølget i møte.

– Sidan det ikkje er flyvêr, må vi vurdere om den skadde må berast ned. Dei frivillige som er kalla inn er i ferd med å samlast ved oppmøtestaden, men dei lyt sjå an vêr og rute før dei kan ta fatt, fortel Teppstad.

Den skadde mannen har funne ly, saman med kona og ein guide. Resten av turfølget har retunert til Fannaråkahytta, opplyser politiet klokka 12.38.

Klokka 13:51 melder operasjonssentralen at mannskapet er på veg til pasienten.

Firda oppdaterer saka.