Ein av dei som kan reisa heim med ei gjev plassering er Kent Andre Holmen frå Lærdal Skyttarlag.

På banefinale eldre rekrutt var det 310 skyttarar som skaut innleiande. 24 av desse hadde full pott og 250 poeng.

Ein av dei var Kent Andre. Skyttarar med lik poengsum vert rangert etter kor mange sentrumstiarar dei har. Kent var nummer 19 etter innleiande og fekk skive 19 i finalen.

Finalen er ein meisterskapsomgang. 10 skot liggjande, skytetid 2 minutt.

Kent Andre Holmen
Foto: Privat

Rapporten på Lærdal skyttarlag si FB-side, fortel at i klasse eldre rekrutt veit ein på førehand at det er 100 poeng og ein haug med sentrumstiarar som gjeld for å ha ein sjanse.

Kent si anvising viste 100 poeng med 9 sentrumstiarar, akkurat slik pappa Ole Petter spådde på førehand. «100 med 9». Éin skyttar hadde akkurat lik poengsum, men ho vart rangert framfor grunna fleire sentrumstiarar innleiande.

Som nr. 19 innleiande, var det mange skiver att å anvise før lista var endeleg.

Tårene trilla

Spenninga var høg. Ein etter ein fekk dei andre eldre-rekruttane anvist 100 poeng. Men dei hadde ikkje 9 sentrumstiarar.

Det vert rapportert om tårer som trilla og jubel i taket då anvisinga var ferdig, og Kent sin 2. plass var eit faktum.

«Naturlegvis ei stor oppleving for Kent, og alle me som var så heldige å få ta del i denne thrilleren av ein finale», skriv dei på FB.

Litt ekstra stas at sølvpremie og medalje tilfeldigvis vart delt ut av Kjell Bøe Bjørgum, ordførar i Aurland og Vestlandet sin representant i Skytterstyret.