Klokka 18.30 er det bestemt frå Hovudredningssentralen at pasienten skal berast ut.
– Me får ikkje hjelp frå lufta på grunn av veret. Så dette blir ein strabasiøs tur for mannskapet, opplyser Ove Fortun, korpsleiar i Luster Rød Kors hjelpekorps.

Les også
Røde Kors har 16 personar i fjellet: – Dette blir ein lang aksjon
Klokka 16.24 melder Vest politidistrikt at mannskap frå Røde Kors har kome fram til den britiske turisten som har skada seg under tur til Fannaråken i Luster.
Mannen var del av eit større turfølgje, då han fekk problem med å koma seg ned på eiga hand. Dei fleste i følgjet tok seg attende til Fannaråkshytta, medan kona og ein guide venta med den skadde.
Det vart forsøkt med luftambulanse, men det var ikkje mogleg torsdag føremiddag å flyga inn på grunn av vêrtilhøva. Difor vart mannskap sendt inn til fots.
No på ettermiddag melder politiet at vêret er betre, og luftambulansen er på veg. Den landar truleg ved den skadde om 30 minutt.
Oppdatert klokka 17: Vêret er framleis trøblete, så mannskap frå Røde Kors må truleg frakta pasienten ut på bakken.