Hildonen og Ulfsby har, i staden for å «deale» med sorga, laga framsyninga «Peeropolis». Peeropolis er byen Peer skal bygge, langt heimanfrå, blant anna fordi «ingen blir profet i eige land». I gamle Hellas var ein «Polis» ein uavhengig bystat, rådande over seg sjølv. No har Peer fullstendig råderett over scena, utan innblanding frå dei andre karakterane i stykket.

«Peeropolis» skal innom Ibsen-festivalen og vidare på turné med Teater Innlandet, så det vert gode moglegheiter for å sjå han i vinter. Urpremieren på Gålå blei spelt utandørs på nye «Peeropolis-Arena», men er meint for eit innomhus scenerom. Derfor kan det godt vere nokre visuelle element som blir tydelegare når dei får blending og tak over hovudet.

Oppklipt Ibsen

Regissør Ulfsby presenterte det som ei forsvarstale frå eit liv som er kappa opp i småbitar og heve opp i lufta. No er det Hildonen si oppgåve å gestalte denne oppklipte og isolerte versjonen av Peer Gynt, og trekke småbitane ned til dei som har kome til Gålå for urpremiere.

Musikarane Sjur Miljeteig og Elisabeth Mørland Nesset er eit stumt ensemble som ikkje får kritisere Peer sitt svevande hovud. I staden vert dei som ein levande organisme, bretta ut i rytme, melodi og tekst. Hjarte, kropp og tankar.

Kven er Peer åleine?

Om ein skal putte «Peeropolis» inn i tidslinja til originalmanuset, oppfattar eg det som vi er rett etter Peer sitt første møte med knappestøyparen. Han har opplevd alt frå reisa si, men det har enno ikkje blitt forløyst av heimkomsten.

Vi sitt fast i noko mørkt, sårt og desperat.

I programmet stiller dei spørsmålet «Kva skjer når vi fjernar alle rundt han og berre lyttar til Peer sine tankar og refleksjonar, observasjonar og illusjonar?

Kanskje er det menneska Peer har rundt seg som gjer han øm, inderleg og lykkeleg. «Peeropolis» er full av attrå, men ikkje etter kropp og nærleik. Det er ei materialistisk og egoistisk attrå.

Som i ein Widerøe-reklame

Eg er ikkje einig i premissen om at dei har «fjerna alle rundt han». Peer spelar stadig til usynlege folk han plasserer rundt om i rommet. Elisabeth Mørland Nesset sin frekke perkusjon er i tydeleg dialog som ein hindring for Peer, nett som ein Bøyg.

I staden for å ta utgangspunkt i Grieg sin musikk, har Miljeteig og Mørland Nesset laga eit lydbilde som finn stad i eit meir moderne nasjonalromantisk landskap. Her snakkar vi musikksjangeren til dei Widerøe- og Telenor-reklamane som får det til å lekke i augekroken på sjølv dei minst patriotiske nordbuarar.

Eg klarer faktisk ikkje kjenne att eit einaste tema frå originalmusikken, anna enn eit parti med tekst frå Solveigs song med ny melodi. Den nye musikken har element frå jazz og elektronika, og blir ein deilig kontrast til alt det kjende.

Sjur Miljeteig på scena.
Foto: @gundersenogmeg

Full, rablande eller fandenivaldsk

At dei er tru til verseforma gir ei trygg rytme i den oppklipte teksten. Nokre gongar går Hildonen seg litt bort i å artikulere nett rytmen, framfor innhaldet i teksten, og forma vert litt deklamerande.

Ho klarer fint å riste det av seg når ho får meir å spele på, fordi teksten rommar meir «skodespelar-mat», og når dirigering av rytme vert overlate til musikarane verkar det som at Hildonen slepp seg ekstra fri.

Sjølv om ho spelar med ei lun finurlegheit, er det få heilhjarta lyspunkt i framsyninga å spore. Dei fleste oppstemde augeblikka i teksten får ein manisk, verkelegheitsfjern undertone. Ofte spelar ho Peer som om han er full, rablande eller fandenivaldsk.

Kvalitetsprodukt og sprekkeferdig av godbitar

Det har likevel høg underhaldningsverdi. Her har vi med solide scenekunstnarar å gjere, og ein er aldri i tvil om at kvaliteten på det ein får servert er skyhøg.

Sjølv om innhaldet er mørkt er vi veldig nære teaterkonsert-sjangeren. I staden for å lande i ein dyster heilskap kjem energiske musikalske oppbrot som etterlet rom til å tenke.

I blant kjem «Peeropolis» i fare for å bli eit «best of»-show, med kjende sitat som perlar på ei snor.

Tekstfragmenta er ikkje kuratert på ein måte som gjer at dei får ny betydning, eller peikar ein ny retning enn før. På mange måtar har framsyninga same funksjon for oss om for ensemblet: Vi får kome på eit uforpliktande besøk til Peeropolis, henge litt med teksten vi kjenner, også dra heim att etter ein time.

Det er fint å bli påminna kva for godbitar teksten rommar, spesielt om ein har hjartebarn ein saknar etter å ha sett sjølvaste Gålå-spelet, eller treng å «mikrodose» Peer Gynt når februar- mørket kjem og framsyninga skal på turné.

Fra framsyninga tirsdag kveld
Foto: Trine Sylliåsen

Heime åleine

Eg hadde likt å sjå meir av potensialet i kva Peer kunne ha funne på når han er heilt «heime åleine».

Så er det kanskje noko sant i at dei magiske orda «heime åleine» i verkelegheita ikkje betyr stort meir enn å sakne dei du bur saman med.

«Peeropolis» er eit idiotsikkert format, kor du trygt kan ta med din Ibsen-konservative bestemor eller tenåringen som ikkje taklar tre timar på vers.

Dei har kanskje ikkje funne opp krutet, men dei veit å porsjonere det i tiltalande krutlapp-dosar sånn at … ja. Du skjønner teikninga.