Nils Thomas Valand hadde 30 treff av 30 moglege i innleiande skyting, deretter 12 treff med ni innertreff i finalen og fullt hus. Slik vert det ein noregsmeister av.

– Det var enormt stort, men sjølvsagt overraskande. Eg veit jo at eg har eit greitt skyteteknisk nivå inne, men det var hundre andre som hadde fullt hus innleiingsvis, så ein må ha litt flaks for å gå heilt til topps. Det var fantastisk kjekt.

Stor konkurranse

Valand skyt i seniorklassen, der kring 1500 skyttarar deltek. 150 går vidare til finalen og skal konkurrera om pallplass.

– Nålauget er lite, fortel han og legg til at førsteplassen gir pokal, medalje og eit napp i ein vandrepokal.

Det er mange sogningar på Landsskyttarstemnet, og 10 andre skyttarar frå Aurland skyttarlag i tillegg til all familie og støtteapparat som er med. Så heiagjengen var stor.

– Kva tenkte du undervegs?

– Det er hurtigskyting, så det går ganske fort. Det var fullt fokus på å gjera mitt beste, men eg kjende eg vart nervøs på slutten då eg såg at eg kunne vera med heilt i toppen.

Stor stas å hamna på pallen etter siger i feltskytinga.
Foto: Jørn Njøs

– Hekta på campingvogna

Landsskyttarstemnet er slutt denne fredagen, og Valand seier seg nøgd med innsatsen.

– Det gjekk greitt på baneskytinga også. Men eg kvalifiserte ikkje til Kongelaget, eg var to poeng unna. I finaleskytinga gjekk det litt dårleg med meg, eg fekk ein uforklarleg serie.

Fredag og ein noregsmeistertittel rikare, så er alle nedturar gløymde.

– Det har vore eit kjempearrangement her i Lesja. Det er ei lita bygd, men dei har gjennomført heilt prikkfritt. No er det berre å hekta på campingvogna og koma seg heim.