Ein bil og ein lastebil har kollidert front mot front i Trollkonetunnelen på E16 i Vaksdal kommune. Det melder Vest politidistrikt like etter klokka 17. 30 fredag.

– Ein person sit fastklemd i personbilen, og det blir jobba med å frigjera vedkomande. Han er medviten, opplyser operasjonsleiar Ingrid Teigland Tepstad.

Brannvesenet er framme på staden, og er i gang med å evakuera folk ut av tunnelen på grunn av røyk. Det skal ikkje vera brann i tunnelen.

– Det er mykje folk og bilar i tunnelen, og situasjonen framstår som kaotisk, opplyser politiet.

Vegen mellom Voss og Vaksdal er stengd, og alle naudetatar er på plass eller undervegs.

Oppdatering: Det var totalt tre bilar involverte i ulukka, to personbil og ein lastebil. Totalt fem personar var i bilane, to er frakta til sjukehus på Voss og dei tre andre verkar uskadde.