Det var fylkeskultursjef Maja Foss Five som stod for opninga.

STOLT: Fylkeskultursjef Maja Foss Five opna Telemarkfestivalen i Bø.
Foto: HALVOR ULVENES

Stolte

– Me er utruleg stolte av Telemarkfestivalen med så høg kunstnarleg kvalitet. Dette er ein føregangsarena for å ta vare på tradisjonane og fornye musikken. Den gjer kulturfylket Telemark rikare, sa Maja Foss Five.

Ho dvelte ved ro-kulturen under fotball-VM, og sa at arrangementet i Bø skaper kontinuitet, tilhørigheit og åndeleg oppbygging.

– Dei levande kulturopplevingane er ekte og truverdige. Me treng det i ei slik tid, sa Five som la til at slike arrangement er gode for den psykiske helsa til folk.

Ungt preg

UNGE DANSARAR: Ungt preg på scenen i Bø.
Foto: HALVOR ULVENES

Konserten fredag kveld hadde eit svært ungt preg. Det krydde av tenåringar og andre unge utøvarar på scenen, hardingfelespelarar, folkedansarar og vokalistar. Dei synte fram kunstene sine, noko som lover godt for Landskappleiken som går av stabelen i Bø om snaue to år. 140 år etter at landets fyrste kappleik blei arrangert på lensmannsgarden Grivi i Bø.

GROR GODT: Unge felespelarar i Gullbring fredag kveld.
Foto: HALVOR ULVENES

Fornyar

Nokre av dei som fornyar folkemusikken er Rosensfole 2026. Dei utviklar innhaldet på plata som Agnes Buen Garnås og Jan Garbarek gav ut i 1989. 37 år seinare er det barnebarnet til Agnes, Magnhild Garnås Haugen, som er vokalist i Rosensfole saman med Audun Rørmark, Jon Espelid, Gard Kronborg, Benjamin Gisli og Ola Erlien. På opninga gav dei smakebitar av det som skulle serverast under konserten på Kroa seinare på kvelden.

FORNYAR: Gruppa Rosensfole 2026 med vokalist Magnhild Garnås Haugen.
Foto: HALVOR ULVENES

Nytt stjerneskot

DYKTIG: Marie Tveiten frå Seljord baud på nydeleg musikk.
Foto: HALVOR ULVENES

Marie Tveiten frå Seljord er eit stjerneskot på songhimmelen. Etter tolv år var hardingfelespelaren tilbake på festivalen. Det synest ho var litt skummelt, men dei litt triste songane «Nattoget» og «Kryss i taket» gjekk rett heim i salen. Ein utøvar som minner om Ingebjørg Bratland.

Til folk som bekymrar seg for det meste, hadde ho denne trøysta:

– Det går stort sett bra!

Høgdepunkt

SONGSKATTAR: Leiv Solberg (f.v.), Kirsten Bråten Berg, Johanne Flottorp og Åsmund Solberg baud på norske songskattar.
Foto: HALVOR ULVENES

Kristen Bråten Berg, Leiv Solberg, Åsmund Solberg og Johanne Flottorp baud på tradisjonsmusikk av beste merke. Desse utøvarane med Spellemann-prisar, folkelarm-prisar, Kongens fortenestemedalje og St. Olavs orden baud på nokre innslag frå den norske songskatten – som «Å vesle lerka» og «Svarterabben», den siste signert den kjende skodespelaren og folkemusikaren Alfred Maurstad. Konserten dei skal ha i Bø laurdag er utseld.

Stilig

Det var ein stilig opningskonsert, fint leia av Ida Ursin Holm. Til tider blei noko av den fine songen sett litt i skuggen av instrumenta.

Bildeserie

Åpning av Telemarkfestivalen 2026