– Det vert full trøkk og bånn gass.
Slik skildrar Stian Sylta den nye countryfestivalen på Bruvoll camping.
Regnet pøsar ned på det som liknar eit anleggsområde på campingplassen på Hundvin. Men fram til neste juni vil denne grusplassen gjennomgå store endringar.

Langs gjerdet vil det koma ei heimesnikra tømmerscene. – Det vert ikkje noko vanleg festival dette, seier Richard Hindenes.
Foto: Sylvelin Bækken Toft
– Me ser for oss at det vert noko av det kulaste som har skjedd her, seier Richard Hindenes.
Den siste helga i juni går startskotet for den tre dagar lange countryfestivalen: Roots ’n’ boots.
– Rett på galskapen
I vinter starta Stian Sylta, Yvonne Hindenes, Richard Hindenes og Atle Andersen Bruvoll opp firmaet «Stormtone». Ønsket deira var å kunna arrangera mindre konsertar og festivalar i ekte countrystil.
– Me merka fort at det var ein større marknad for cowboymusikk her i Nordhordland, seier Sylta.

Stian Sylta gler seg til å visa fram det dei planlegg.
Foto: Sylvelin Bækken Toft
Då Atle Andersen Bruvoll presenterte ideen om å skapa noko større på campingplassen, vart gjengen dregen med.
– Me går rett på galskapen med å arrangera festival, seier Sylta med eit smil.
– Ja, dei får det til andre stadar. Kvifor skal ikkje me klara det her? skyt Yvonne Hindenes inn.

Yvonne Hindenes håpar festivalen vil dra folk i frå heile Nordhordland til Bruvoll camping.
Foto: Sylvelin Bækken Toft
Treng hjelp frå bygda
Gjengen er allereie godt i gang med planlegginga av tredagars-festivalen. Atle og Julie Bruvoll stiller med plass, bygging av scene og tribune. Richard og Yvonne Hindenes og Sylta tek ansvar for booking og det administrative.
For å arrangera ein slik stor festival, treng dei hjelp frå både næringslivet og dugnadssjeler.
– Me får ikkje til dette utan lokalbefolkninga, seier Richard.

Området har kapasitet på mange hundre menneske. – Om me sel 500 billettar, då er eg nøgd, seier Sylta.
Foto: Sylvelin Bækken Toft
Satsar stort
Gjengen kan lokka med både amerikanske og lokale namn innanfor country-og bluegrass-sjangeren. Men kva artistar det er snakk om, kan ikkje gjengen lova heilt enno.
– Me er avhengige av sponsorar for å få det til. Dess meir støtte me får, dess større artistar kan komma, seier Sylta.
– Ja, me lovar gull og grøne skogar til dei som vil støtta oss. Det avgjer kva nivå me legg oss på, legg Richard til.

Oppe i skråninga vil det koma ein ny heimesnikra tribune.
Foto: Sylvelin Bækken Toft
Musikken kjem rett frå Nashville, men arrangørane vil også at gjestene skal kjenna seg som ekte cowboyar på plassen.
– Her inne vert det ein western-saloon, seier Richard om grisehuset og legg til:
– Grisane nøffar seg noko fælt. Dei skal vekk.

Grisehuset skal verta omgjort til ein ekte western-saloon.
Foto: Sylvelin Bækken Toft
Må verta tilgjeven
Festivalen vil vara i tre dagar med opplegg for både store og små country-entusiastar.
Fredag og laurdag kveld vert det full fres, medan dei laurdag føremiddag ønskjer å ha eit familievennleg tilbod.
– Det vert borna sin gard med mange dyr, sjølv om nokre av dei vert til middag, seier Sylta.

Denne firarbanden er med på å arrangera festivalen. Atle Andersen Bruvoll er også med, men han var på jobb då avisa fekk møte dei.
Foto: Sylvelin Bækken Toft
Søndagen ønskjer dei å stella i stand ein intimkonsert i ei av kyrkjene i nærområdet.
– Eg trur alle treng ein tur i kyrkja etter å ha vore ei helg på festivalen. Tilgje meg for mine synder, seier Richard og gjengen ler.
No gjenstår det å sjå om det vert like mykje latter siste helga i juni neste år.