Laurdag føremiddag kom NVE med eit gult farevarsel om fare for flaum- og jordskredfare i store delar av Vestland fylke.

I varselet på Varsom.no står det at skredhendingar kan førekomme, og at utsette bane- og vegstrekningar kan bli stengde.

Dei neste dagane skal det bøtte nedpå i Sunnfjord, og mest regn får vi søndag. Ifølge Yr.no sine prognosar skal det kome heile 53 millimeter i Førde i løpet av søndagen.

Det har også kome ut eit varsel for flaumfare i Sunnfjord. På grunn av nedbøren vil vassføringa auka i bekkar og elvar natt til søndag, noko som kan føre til overfløymingar og erosjonsskadar, heiter det i varselet.

I NVE sitt -skred-varsel står det at faren for skred aukar måndag morgon.

– Grunnvasstanden og vassmettingsgrada i bakken er allereie svært høg etter mykje regn dei siste dagane. Det er venta byevêr måndag, noko som vil gje fare for jordskred i varselområdet, står det i varselet.

Les også

Fjaler toppa nedbørsstatistikken

Les også

Er sommaren over? Meteorologen har dårleg nytt