Klokka 02:22 natt til søndag rykte politiet ut etter melding om eit slagsmål ved ein utestad i Måløy.

To personar skal ha vore involverte, men den eine hadde forlate staden då patruljen kom fram.

– Personen som var igjen på staden hadde noko blod i ansiktet, men hadde ikkje behov for tilsyn av helse, opplyser Ole Ronny Olsen, operasjonsleiar ved Vest politidistrikt.

Vedkomande ønskte verken å forklare kva som hadde skjedd eller å melde forholdet. Politiet avslutta på staden og det er ikkje oppretta sak på hendinga.

Det har elles vore ei roleg natt for politiet i Sogn og Fjordane.