Det siste døgnet har det bøtta ned i store delar av fylket.
Nedbørsmengdene har førebels ikkje laga for store utfordringar langs vegnettet, forutan på fv. 609 ved Heilevang.
– Det har gått eit lite steinsprang der. Det er passering på staden, men det skal vere akkurat, opplyser trafikkoperatør Arne Viken ved Vegtrafikksentralen Vest.
Meldinga om steinspranget kom inn klokka 07:32. Entreprenør er på veg til staden for å rydde. Like etter klokka 09:00 opplyser Vegvesenet at vegen er stengd. Ny vurdering er sett til 17:00 søndag.
Laurdag føremiddag kom NVE med eit gult farevarsel om fare for flaum- og jordskredfare i store delar av Vestland fylke. Varselet gjeld til og med tysdag.
– Vi ventar nok at det vil kome fleire meldingar inn til oss i løpet av dagen. Det er venta mykje nedbør framover, så trafikantar må vere obs på vatn i vegbana. Ein kan også oppleve nokre småskred utsette stader, åtvarar operatøren.
Han anbefaler folk om å følge med på vêr- og vegmeldingar, eller å halde seg oppdaterte på appen «Vegvesen trafikk».

Les også
Gule farevarsel for flaum- og skredfare