Klokka 19.19 melder Vest politidistrikt at dei har sendt mannskap frå Røde Kors hjelpekorps i Aurland for å hjelpa ei gruppe på fjelltur.

– Ein person har sklidd og mogleg skada ein fot, opplyser operasjonsleiar Terje Magnussen.

Ein time seinare melder politiet at luftambulansen frå Førde prøvar å ta seg inn til gruppa og den skadde personen.

Dei skal opphalda seg på Skogafjellet i Aurland.

Klokka 2015 har luftambulansen fått kontakt med pasient og flyr vedkomande ned frå fjellet.