Fredag kom RA Stavangers redaktør Geir Søndeland med knallhard kritikk mot politiet i Agder.

Bakgrunnen var at politiet sende redaksjonen eit formelt krav om beslag av videomateriale frå hendinga der det blei brukt CS-gass under supporterbråket før Start – Viking 1. august.

Søndeland reagerte kraftig på beslagskravet og slo fast at kjeldevernet er heilag – og at han heller vil gå i fengsel enn å gi frå seg upublisert kjeldemateriale til politiet.

Les også

Politiet har besluttet å ta beslag i videoer hos RA Stavanger. Jeg går heller i fengsel enn å si ja til det


Ikkje berre RA Stavanger

Det viste seg raskt at RA Stavanger ikkje var åleine om å få krav om beslag frå politiet.

Måndag bekrefta Agder-politiet overfor Medier24 at fire medium – RA Stavanger, Stavanger Aftenblad, Fædrelandsvennen og TV 2 – fekk den same anmodninga om å levere ut alt videomateriale frå eit tidsrom på 20 minutt.

Les også

Politiet ber supportermiljøer se seg selv i speilet: – Viking-fansen var ikke en passiv part

Fungerande påtaleleiar Cecilie Pedersen i Agder politidistrikt opplyste at formålet var å sikre bevis for å etterforske alvorlege ordensforstyrringar og vald.

Samstundes innrømte Pedersen at kommunikasjonen om pressas etiske regelverk ikkje var god nok.

– Vær Varsom-plakaten punkt 3.6 har som hovudføremål å verne kjelder som «har delt konfidensielt eller utan at det er meint for å trykkast». Denne avgrensinga har ikkje kome godt nok fram i anmodninga vår, og det beklagar me, uttalte ho til Medier24.

Agder-politiet beklaga seinare at deira krav om beslag av videomateriale ikkje tok tilstrekkeleg omsyn til pressas kjeldevern.
Foto: Tor Erik Schrøder

Snur brått: Har sikra seg videomateriale

No har Agder-politiet trekt avgjerda om beslag.

I ein ny e-post til RA Stavanger opplyste ein politiadvokat at politiet har skaffa seg tilgang til livesendingane frå to medium frå hendinga, og at dei på noverande tidspunkt ikkje ser det som nødvendig å hente inn ytterlegare materiale frå pressa.

Politiet har derfor lagt bort kravet om beslag av materiale frå RA Stavanger.

Dei legg likevel til ein klausul:

– Politiet skyt sporv med kanonar

Ein av dei som reagerer sterkt på politiet sin framgangsmåte er Liv Iren Hognestad, førstelektor i journalistikk ved NLA Høgskolen i Kristiansand. 

Ho meiner politiet går altfor hardt ut i ei sak som ikkje verkar alvorleg nok til å utfordre samfunnsoppdraget til pressa.

– Eg blir ganske overraska. Politiet har sterke verkemiddel tilgjengeleg, men overfor redaktørstyrte medium bør det vere ein heilt ekstremt høg terskel. Å gå «all in» mot fire medium på denne måten er som å skyte sporv med kanonar.

Førstelektor Liv Iren Hognestad ved NLA Høgskolen meiner politiet framgangsmåte utfordrar pressas samfunnsoppdrag.
Foto: Turid K. Vevatne

Hognestad fryktar at tilliten ryk dersom det blir skapt eit inntrykk av ei direktelinje mellom media og politiet.

– Då utfordrar ein heile tanken bak journalistikken som den fjerde statsmakt, og då kan me eigentleg berre pakke saman.

Ho reagerer òg på at politiet tar forbehold om å kome tilbake med nye beslagskrav seinare.

– Ideelt sett skulle eg ønske at politiet sa «Me ser at dette kom skeivt ut, me sett strek og skal ikkje krevje beslag i upublisert materiale». Det ville vore ei god og ryddig avslutting av saka.

– Framstår ikkje som om politiet har lært

Redaktør Geir Søndeland er glad for at politiet ryggar, men er langt frå imponert over Agder-politiet.

– Eg er glad for at politiet går tilbake og trekker brevet og avgjerda om beslag. Det vesle slaget er vunne, men det framstår ikkje for meg som at Agder politidistrikt har lært så frykteleg mykje av denne saka.

Han reagerer også på at politiet held døra open for nye krav seinare.

– Det burde dei halde seg for gode til. Eg håpar dei tek ein ekstra runde og bruker denne saka som læring, slik at me unngår å sette redaksjonar i eit slikt unødvendig press mot kjeldevernet.

Ansvarlig redaktør Geir Søndeland i RA Stavanger mottok 5. august brev frå Agder politidistrikt med avgjerd om beslag av upublisert materiale. No har politiet førebels lagt kravet på hylla.
Foto: RA Stavanger

Fekk fengselsanbefaling

– Du gjekk hardt ut og sa du var villig til å gå i fengsel. Fekk du sove om nettene medan dette stod på?

– Ja, eg fekk sove veldig godt! Eg fekk til og med anbefalt å prøve ut eit spesifikt fengsel som visstnok skal vere av veldig bra kvalitet. Så eg var aldri redd for å hamne i fengsel – og eg trur ikkje det var innanfor strafferamma heller, humrar redaktøren.

Søndeland understrekar at han er takksam for den massive støtta avisa har fått dei siste dagane frå både fotballsupporterar, andre medium, politikarar og andre.

– Det viser at det er nokre forsvarsmekanismar i samfunnet som fungerer. Eg trur det presset har bidratt til at politiet snudde.

Eitt stort spørsmål heng likevel igjen etter politiet sine siste meldingar:

– Politiet skriv at dei har live-sendingar frå to medium. Eg håpar inderleg ikkje at grunnen til at dei legg vekk saka overfor oss, er at dei har fått tak i upublisert materiale frå andre medium.

Hopp over karusellen.