Like før midnatt torsdag fekk politiet melding frå ein person som hadde fått problem på fjelltur i Jotunheimen.

Les også

Sette i verk redningsaksjon i høgfjellet

Vedkomande hadde mista sekken sin og var dermed utan mat, lys og ekstra klede. Han trengde difor assistanse.

Han vart lokalisert til ein posisjon sør for Liabreen og redningsaksjon sett i gang for å hjelpa mannen.

Klokka 05.34 kunne operasjonssentralen melda at mannen var trygt plassert på ei DNT hytte av mannskap frå Røde Kors.

Det hadde vore eit krevjande terreng så ein frå bergingsmannskapet hadde skada ein ankel. Det vart difor ein ekstra strabasiøs retur som tok tid.

Frå aksjonen natt til torsdag.
Foto: Bjørn Hesjevoll Winge

Klokka 07.45 seier operasjonsleiar Bjarte Rebnord til Sogn Avis at dei ventar på at luftambulansen skal ta seg fram til den skadde.

– Det vart først gjort eit forsøk på at dei skulle ta seg ned til fots, men det gjekk ikkje så bra. Så mannskapet sette seg ned for å venta på dagslys og helikopter. Det er ingen dramatikk, dei har det heilt greitt og luftambulansen er på veg no, seier Rebnord.