Mannen i 50-åra har vore varetektsfengsla i samband med saka der ein mann i 30-åra vart funnen livlaus og erklært død i Kalvåg natt til 2. august. Han er sikta for å ha sett den avlidne i ein hjelpelaus tilstand.
Lauslatinga kjem etter at påtalemakta har gjennomført fleire etterforskingsskritt dei siste vekene.
– Påtalemakta vurderer at faren for bevisforspilling ikkje lenger er til stades, opplyser politiet i ei pressemelding.
I tillegg til etterforskingsskritta er det òg gjennomført ei førebels rettspsykiatrisk vurdering av den sikta.
Sjølv om den sikta no er lauslaten, held etterforskinga av dødsfallet fram.
Politiet ventar framleis på viktige svar, inkludert den endelege obduksjonsrapporten, i tillegg til ytterlegare avhøyr av den sikta og resultat frå tekniske undersøkingar.
Les også
Dødsfallet i Kalvåg: Politiet begynner å få god oversikt

Les også
Kalvåg: Har sett i verk tiltak

Les også
– Dette er svært tragisk. Vegen må sikrast no!
Les også
Fengslar mann i fire veker etter dødsfallet i Bremanger
Les også
Mann pågripen etter dødsfall i Kalvåg
Les også
Mann meld sakna. Funnen død