Sogndal Fotball og Diogo Brás (26) er samde om å avslutte samarbeidet og terminere kontrakten, som opphavleg varte ut 2026.

Det melder klubben i ei pressemelding.

– Me har gjort ei samla vurdering av samansetjinga av spelarstallen, den økonomiske situasjonen og kontraktssituasjonen til Diogo. Samstundes har Diogo familien sin i Portugal. Då opplevde me at dette var ei løysing som gav meining for begge partar, seier Håvard Flo i pressemeldinga.

– Kjennest riktig

Brás kom til Sogndal frå portugisiske UD Santarém i 2025. I Sogndal vart det 37 kampar, av desse var 28 frå start.

– Me kom fram til ei løysing som var bra for begge partar. Sambuaren og dottera mi er i Portugal, og det kjennest riktig å flytte heim att og vere nær dei, seier Brás til klubben sine heimesider.

Fotballkarrieren held fram i heimlandet.

– Eg gler meg til å vere saman med familien igjen. Samtidig skal eg jobbe med å finne neste steg i karrieren og ein ny klubb i Portugal, seier Brás.