Kommentar
Dette er ein kommentar, skriven av ein redaksjonell medarbeidar. Kommentaren gir uttrykk for skribenten sine haldningar.
I mange tiår var synet av ein byggjekran i Sogndal eit uomtvisteleg teikn på vekst og optimisme.
I dag er det reine biletet av bygda, utan ruvande byggjekraner, noko som vekkjer uro.
Sjølv om planutvalsleiar Clara Øberg med rette peikar på at den offentlege byggjeaktiviteten er historisk høg, med ny symjehall, tannklinikk, trafostasjon og den store utbygginga av Trudvang skule, er det grunn til å setja eit spørsmålsteikn ved at dei private initiativtakarane glimrar med sitt fråvær.

Les også
Vil vurdera saker på nytt: – Kommunestyret har framleis eit handlingsrom

Les også
– Då såg han meg rett i fjeset og sa: «den dagen du ikkje ser ein byggjekran, den dagen har Sogndal stoppa opp»
Ein serie med store og viktige private prosjekt som Stedjevegen, Guro Ness-kvartalet, Ulvahaugen Vest, Billagstomta og Sognatun har anten stoppa opp, dreg ut i tid eller er lagde heilt på is.
Det heng sjølvsagt saman med høge renter og sviktande sal, men det er meir enn det som murrar bakom.
Ut frå ei rekkje saker og intervju i Sogn Avis den siste tida, handlar det også om at fleire aktørar i den lokale byggjenæringa opplever Sogndal kommune som ein motspelar framfor ein medspelar.
Der mykje av både frustrasjon, og etter kvart resignasjon, botnar i mangel på kommunikasjon. Og ikkje minst mangel på føreseielegheit.
Den største og mest akutte frustrasjonen blant både utbyggjarar og innbyggjarar handlar om det me må ha lov å definera som rein kommunikasjonssvikt.
Det vert skildra ein kvardag der e-postar ikkje vert svara på, telefonar går ubesvarte hen, og førespurnader om møte vert kontant avviste. Som planutvalsleiar Øberg ærleg vedgår: «Folk som skal byggja er heilt avhengige av god kommunikasjon. Når fleire melder tilbake at den har vore dårleg, så trur eg på folk sine opplevingar».
Dette er ikkje berre dårleg service, men kan vitna om ein praksis som lammar framdrift og eskalerer konfliktar. Den langvarige og no skrinlagde saka til Ove Ellingsen og Raunehaug Eigedom i Kyrkjebakken 40 står att som eit grelt døme.

Les også
Langar ut etter avslag: – Huset kjem til å bli ståande og rotna på rot
Han har opplevd dialogen med kommunen som direkte ubehageleg. Prega av manglande svar, sakshandsamarar som er dårleg førebudde og lite presise møte med kommunen.
Når kommunikasjonen sviktar, oppstår det ofte ein unødvendig mistillit. Status er at utbyggjar sit att med avslag på 21 sider og eit hus som rotnar på rot, er skjemmande for nabolaget og i verste fall også farleg for tryggleiken.
Like alvorleg som kommunikasjonssvikten er også mangelen på føreseielegheit. Investeringar i fast eigedom krev langsiktig planlegging og kalkulerbar risiko. Slik situasjonen er i Sogndal i dag, er risikoen for mange blitt uforsvarleg høg fordi utbyggjarar meiner dei ikkje lenger kan stola på dei signala dei får undervegs.
Så er det vel heller ikkje å leggja skjul på den store gjennomtrekken av tilsette på planavdelinga har medverka til denne uføreseielegheiten. Ellingsen opplevde å måtte forhalde seg til minst sju ulike sakshandsamarar på elleve år.
Ein sakshandsamar kan vera positiv og gje grønt lys til ein viss retning før ein ny sakshandsamar tek over og stiller heilt nye, fordyrande krav eller plutseleg snur om til eit uventa avslag på oppløpssida.
Me ser det same mønsteret i mindre private saker. Ekteparet som søkte om å få setja opp eit naust ved fjordeigedomen sin, måtte venta i uakseptable halvanna år på svar.
Frustrasjonen vert ikkje mindre av at kommunen, først i sjølve avslagsvedtaket etter 18 månader, grunnleggjande avviste søknaden etter å ha bede om mange utfyllande opplysningar. Å halda på slik set søkjarar i ein heilt umogleg økonomisk og praktisk situasjon.
Ein må kunne forvente at ein profesjonell kommune kartlegg og kommuniserer slike formelle krav tidleg i prosessen, i staden for å spara dei til endeleg vedtak. Som i dette tilfellet vart gjort midt i fellesferien og om lag samstundes med at Sogn Avis starta å jobba med saka.
Så skal det på alle måtar understrekast at ei planavdeling i ein kommune handterer eit krevjande, nasjonalt regelverk. Rammene frå overordna myndigheiter og Statsforvaltaren har vorte vesentleg strammare dei siste åra.
Ein fersk høgsterettsdom frå mars 2026 har understreka at dispensasjonar skal gjevast restriktivt. Administrasjonen har difor ei legitim plikt til å sikra juridisk haldbare vedtak og slå fast at større prosjekt må gå «planvegen» framfor lettvinte unntak. Men praksisen deira fjernar verkar til å fjerna eit handlingsrom utbyggjarane meiner dei burde kunne nytte.
Eit strengt regelverk forsvarer ikkje dårleg kommunikasjon eller manglande føreseielegheit. Det er ikkje i strid med lovverket å svara på telefonar eller e-post.
Lovverket krev heller ikkje at ein skal halda ein søknad som i realiteten er sjanselaus gåande i årevis på dyre tilleggsutgreiingar, før ein gjev avslag.
Så er det sjølvsagt også heilt uakseptabelt når frustrasjonen kokar over til personlege åtak og ufine ytringar mot dei tilsette på planavdelinga.

Les også
Nye rutinar: – Det har kome uakseptable ytringar retta mot enkelttilsette
Ansvaret for systemsvikten må me plassera på toppen – både administrativt og politisk.
Då politikarane i Sogndal sommaren 2024 vedtok å delegera myndigheita i dispensasjonssaker til administrasjonen, skapte dei eit politisk vakuum. Saker som handlar om lokal samfunnsutvikling vart reduserte til reint faglege, juridiske vurderingar.
Det politiske skjønet vart parkert, noko som også planutvalsleiar Clara Øberg sjølv seier. «Det er til sjuande og sist politikarane sitt ansvar, og det ansvaret tyngjer meg litt»
Og kanskje det er nettopp der ein skal starta. At politikarane omgjer vedtaket frå kommunestyret i 2024.
Betre kommunikasjon, dialog og openheit og ikkje minst føreseielegheit for involverte partar, er også tiltak som må på plass.
Det viktigaste for utvikling i ein kommune er optimisme og pågangsmot. Akkurat no kan det sjå ut som Sogndal er litt i manko av begge deler.

Les også
Fleire stiller seg bak utblåsinga: – Er blitt utrygt å setja i gang med ting

Les også
Ifrå å ha vore ei bygd i rivande utvikling i fleire tiår, føler eg no at den positive trenden er på veg til å snu