Hovland kjempa om ein plass i finalen på 1500 meter, men måtte då bli blant dei seks beste i eit sterkt forsøksheat.

Vikjajenta hang bra med då det ikkje gjekk spesielt raskt i starten, men mot slutten vart det tyngre.

Hovland sprang inn til ein 12. plass, medan den andre norske løparen i forsøket, Anne Gine Løvnes, vart nummer ti.

Løvnes var klar på det vart litt taktikkeri i løpet, noko også Hovland merka.

– Eg merka at det er eit meisterskap og at det blir ein del knuffing og taktisk lureløp, seier Hovland til NRK rett etter løpet.

Ho tek med seg den lærdomen frå EM-debuten.

– I meisterskap blir det lureløp og det går seint i starten, før dei skrur opp farten veldig på slutten. Eg treng å trena litt på det, seier Hovland.

Hovland er glad for at ho hang bra med i starten, og at ho klarte å halda seg til løpsplanen.

– Eg prøvde å springa eit smart taktisk løp, ta kortaste vegen og halda meg inn til lista, og så vart det litt tungt på slutten.

– Stort å sjå

– Eg klarte å slå eit par løparar som på papiret er betre enn meg. Eg heng bra med til dei siste 300 meterane, då ser du nivåforskjellen, seier Hovland til Sogn Avis når ho har fått summa seg etter løpet.

På førehand var ho klar over at ho hadde ein av dei svakaste tidene blant løparane i forsøksheatet, og hadde først og fremst som mål å slå flest mogleg. Vegen fram til finaleplass er tøff på dette nivået, og Hovland var også førebudd på kampen om posisjonar i feltet.

– Det er slik meisterskap er, seier Hovland.

For vikjajenta er det stort å vera i EM, men før løpet kjende ho ikkje så mykje på det.

– Når eg kjem inn på bana er eg i bobla. Etter at eg kom i mål såg eg jo kor mykje folk det var, og det var stort å sjå, seier Hovland.

No tek ho med seg erfaringa og ser allereie fram til neste EM. I dette heatet var ho den yngste løparen, og har framtida føre seg.

– Det gir mykje motivasjon å sjå kor lista ligg, og kor høgt nivået er i Europa, seier Hovland, som har mål om finaleplass i EM om to år.

Marte hadde med seg heile familien som heiagjeng i Birmingham.
Foto: Privat

Tid med familien

Familien var sjølvsagt til stades som heiagjeng.

– Eg hadde heile familien og bestemødrene mine her. Det var godt å ha dei på tribuna. No får eg litt tid til å vera med familien, seier Hovland.

Laurdag skal dei ut og eta på restaurant i Birmingham, før dei skal sjå 1500 meter finale for menn i kveld.

Deretter legg Marte slagplanen for resten av sesongen med Filip Ingebrigtsen, og det blir truleg nokre fleire løp utover hausten.

Les også

Marte skal til EM

Les også

Får vita om ho skal springa i EM på fredag: – Eg prøver å ikkje tenkja for mykje på det

Les også

Marte i storform, og går for gull: – Eg er spent og gler meg veldig