Klokka 14.32 melder politiet at dei har starta redningsaksjon etter ein sakna kanopadlar i Førde. Det skal ha skjedd i området ved Viabrua.
Både naudetatar og frivillige har rykt ut.
Politiet melder at det opphaveleg skal ha vore to personar som har falle i elva. Ein av dei skal ha kome i land.
Den andre personen er også kome til rette og er ikkje skadd. Det opplyser politiet 15.07.
Firda kjem tilbake med meir.