Gratis frukost, gratis lunsj, gratis skulemateriell og ingen skulepengar. Måndag startar omstridde Jotunheimen vgs. som ein permanent privatskule.
NY BUNAD: Hanna Skjåkødegård tek på seg ny bunad før høvet – då ho måndag enno ein gong skal markere opninga av Jotunheimen vidaregåande skule – no privatskule og ikkje privatistskule. Bildet er frå i august i fjor. Foto: Line Møller / VG
Oppdatert søndag 16. august kl. 15:33
- Gratis frkost, lunsj, skulemateriell og ingen skulepengar på Jotunheimen vidaregåande skule.
- Skulen i Lom gjenopnar som permanent privatskule med statsstøtte.
- Styreleiar Hanna Skjåkødegård seier skulen no er økonomisk sikra.
- Matoma spelar på opningsfesten, der også fleire stortingspolitikarar deltek.
Vis mer
Mellom høge fjell og strie elvar ligg den vidaregåande skulen i Lom i Nord-Gudbrandsdal.
Rundt 100 elevar startar på ein skule som har gjenoppstått – etter at Innlandet fylkesting la ned den offentlege skulen der hausten 2024.
Les sakene: Nedlagt skule vart ny skule
Måndag blir det atter ein gong fest og folkevandring til Lom – ettersom skulen i vinter fekk endeleg godkjenning og statsstøtte frå Kunnskapsdepartementet og Utdanningsdirektoratet.
NEDLEGGINGA: 23. oktober 2024 var den offentlege vidaregåande skulen nedlagt. No reiser det seg ein ny vgs. i dei same lokala i Lom. Foto: Frank Ertesvåg / VG
Og privatskulen er spesiell. Medan privatskular flest tek skulepengar og betalt for maten i kantina, er absolutt alt gratis på Jotunheimen vgs. Til og med to måltid om dagen.
– Det er viktig for oss at skolen vår skal vere for alle. Det er jo ikkje slik at du som privatskole må ta skulepengar. Men dei fleste gjer jo det. Her har me sett skulepengane til null. Eit stort spleiselag frå lokalsamfunnet har gjort det mogleg, fortel styreleiaren.
Ho er eigentleg helseforskar knytta til Haukeland Universitetssykehus i Bergen.
Flytta heim
I vinter flytta ho heim til Skjåk saman med familien – og har bygd opp Jotunheimen vgs. saman med lokalsamfunna i Lom, Skjåk og Vågå.
Etter nedlegginga av den fylkeskommunale vidaregåande skulen i Lom i 2024 – med knappast mogleg fleirtal, fekk ho med seg støtte frå både Raudt og Framstegspartiet på Stortinget til å bygge ein ny privatskule.
I tillegg var Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum sentral i det politiske arbeidet.
LISTHAUG MØTTE OPP: Sylvi Listhaug (Frp) deltok under opninga av privatistskulen i fjor. Måndag kjem partikamerat Simen Velle for å delta på opninga av privatskulen. Foto: Line Møller / VG
For også i august i fjor vart det festivitas og feiring då skulen starta opp. Frp-leiar Listhaug møtte opp med solbriller og nystroken bluse, Moxnes frå Raudt var der og Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum fekk i hui og hast lånt seg ein lokal bunad som passa nokon lunde.
LÅNT BUNAD: Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum fekk i hui og hast lånt seg ein bunad frå lokale krefter under opninga i fjor. Foto: Line Møller / VG
– Kvifor feire skuleopning for andre gong, styreleiar Hanna Skjåkødegård?
– Fordi denne feiringa her rommar noko meir enn den førre. I fjor starta me ein privatisskole fullfinansiert av lokale kommunar, bedrifter og enkeltpersonar. Der hadde vi eigentleg ingen tradisjonelle elevar, men privatistar og eigentleg ei usikker framtid.
– Men så kom godkjenninga fra kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun den 19. januar, som no gjer oss til ein offentleg godkjend privatskole med statsstøtte. Det blir mykje mer førutseieleg å drive skulen. Måndag feirar me ein skule som skal leve i Lom for evig og alltid, seier Skjåkødegård til VG.
MOXNES OG BRIMI: Arne Brimi sørga for føde og eit og anna innspel til politikarane som kom til Lom i fjor. Bjørnar Moxnes (Raudt) likte både mat og argumentasjon for privatskulen. Foto: Line Møller / VG
– De gjekk ut med at de samla inn rundt 70 millionar til privatistskulen i fjor. Er den summen framleis reell?
– For privatisskolen var det absolutt reelt. Me hadde garanti for 70 millionar, som skulle halde drifta gåande utan statsstøtte i tre skuleår. Når me no får statsstøtte, endrar reknestykket seg. No er me garanterte at dei lokale pengane dekkar dei 15 prosent av kostnadene som staten ikkje dekkar, svarar Skjåkødegård.
ELEVGJENGEN: Eit knippe særs velkledde elevar på opninga ifjor. Foto: Line Møller/VG
For finansieringa av norske, godkjende privatskular, inneber at staten dekkar 85 prosent av snittkostnaden for offentlege vidaregåande skular. Og dei finns det framleis fleira av i Innlandet fylkeskommune, sjølv om fire-fem av dei vart nedlagt i 2024.
– Tek de no elevar fra andre offentlege vidaregåande skular i Innlandet?
– Nei, det gjer me ikkje. Ta linja for anleggsteknikk. Der er det ei oversøking på linja på Flisa på andre sida av fylket. Dit tek det fire-fem timar å køyre. Me har oppretthalde eit skuletilbod med studiespes. og yrkesfag som er enormt viktig for lokalsamfunnet, for framtida og for lokal ungdom. Me stel ikkje elevar frå nokon, svarar Skjåkødegård.
MATOMA SOM LÆRAR: Matoma har engasjert seg sterk mot skulenedleggingar i Innlandet – også i eige distrikt rundt Flisa. Her fotografert på ein workshop i låtskriving med lokale ungdomar. Foto: Mattis Sandblad / VG
Og heilt frå nettopp Flisa kjem sjølvaste Matoma (Tom Stræte Lagergren) for å spele på opningsfesten i idrettshallen i Lom måndag. Han har markert som ein sterk motstandar mot skulenedleggingar i heimfylket Innlandet.
Frå Oslo kjem det enno ein gong ei rekke stortingspolitikarar som vil kaste glans over skulen. Også Raudt sin tidlegare leiar i Utdanningskomiteen, Hege Bae-Nyholt.
– Ikkje så ofte Raudt støttar privatskular som ikkje er Steiner- eller Montesoriskular?
– Det vet eg faktisk ikkje, men her er det lokalsamfunnet som har stiller opp. Det er distriktspolitikk, det er ivaretaking av bygder si framtid, og det er elevane som står i sentrum. Eg skulle ønskt at dei aldri hadde behøvd å ta denne kampen her, seier Bae-Nyholt.
