Klokka 15.30 melder politiet at Jernfjelltunnelen i Gulen er stengd.
Årsaka er at ein stein har falle ned frå taket i tunnelen. Steinen skal ha treft ein personbil. Det var to personar og ein hund i bilen.
Hendinga har skjedd ca. 500 meter inn i tunnelen frå Knarvik-sida.
– Det skal ikkje vere personskadar, men skader på bilen, opplyser Knut Dahl-Michelsen, operasjonsleiar i Vest politidistrikt.
Steinen er skildra som på storleik med ei vaskemaskin. Det er skildra store materielle skader på bilen. Bilbergar er på veg.

SKADD: Steinen traff panseret på bilen først. Det er store skadar på bilen.
Foto: Politiet
Tunnelen er tømt for bilar og folk.
Klokka 16.48 melder politiet at dei er kome fram til staden. Dei gjer undersøkingar på staden.
Dei to i bilen har blitt frakta til legevakt med ambulanse.
– Dei har smerte i overkroppen, truleg etter bilbelte. Ein av dei kan også ha fått noko glas i halsen då frontruta blei knust i samanstøyten.
Personane i bilen er tyske statsborgarar, ein mann og ein dame. Begge i 20-åra.
Bilen er fjerna frå tunnelen, men politiet kan ikkje seie noko om kor lenge tunnelen blir stengd.