Klokke 11.53 fekk politiet melding om ei arbeidsulykke i Bremanger.

– I forbindelse med gravearbeid skal det ha skjedd eit sprengingsuhell, opplyser Steinar Hausvik, operasjonsleiar i Vest politidistrikt.

Førar av gravemaskina er frakta til Førde sentralsjukehus med luftambulanse. Vedkommane skal vere lettare skadd.

Ulykka skal ha skjedd i forbindelse med arbeid på ein ny kraftstasjon.

Politi er framme på staden klokka 12.41.

Firda oppdaterer saka.