I ei pressemelding frå Kystverket går det fram at Kystverket og AF Gruppen måndag signerte kontrakten for bygging av Stad skipstunnel.
AF Gruppen vann totalentreprisen i juni, og byggjestart er planlagt tidleg i 2027.
– Dette er ein historisk dag. Stad skipstunnel er eit prosjekt som har vore planlagt og diskutert i mange tiår, og no er vi komne så langt at vi kan signere kontrakten med entreprenøren som skal bygge tunnelen, seier kystdirektør Einar Vik Arset i Kystverket i pressemeldinga.
Kontrakten er verd om lag 5,6 milliardar kroner. Tunnelen blir 1700 meter lang, 50 meter høg og 36 meter brei, og skal gå gjennom Stad-halvøya. Målet er å gje skipstrafikken ein tryggare og meir føreseieleg sjøveg forbi det vêrharde Stad.
– Det er sjeldan vi som totalentreprenør har moglegheita til å bryne oss på eit så spesielt anleggsprosjekt, med høg lokal, nasjonal og internasjonal interesse, seier direktør Ivar Galaaen i AF Anlegg.
Samhandlingsmøte mellom partane startar allereie i tysdag. Stortinget vedtok i juni ei ny kostnadsramme på 8,588 milliardar kroner for prosjektet, inkludert moms.

Les også
Stad skipstunnel tilbake på budsjettet

Les også
Ny pris for skipstunnelen: 8,6 milliardar

Les også
Frp og Sp gir ikkje opp skipstunnelen

Les også
Startar ny innsatsgruppe for Stad skipstunnel